Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Opprop for jordvern

Ni organisasjoner overleverte torsdag 2.november et opprop til fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, hvor de krevde at han griper inn og stanser den planlagte raseringen av 1000 dekar matjord utenfor Bergen.

(Tekst og bilde: Hordaland Bondelag).

Opprop for jordvern - les hele saken

Landsmøte 2017.

Første helga i november var det igjen klart for Landsmøte, også denne gongen på Gardermoen.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag hadde 13 utsendingar.

Landsmøte 2017. - les hele saken

Framtidsbonden Jon Korff Lofthus, Hardanger

Kari og eg tok over garden i 2013. Eg er utdanna kokk, og hadde arbeidd i hotell og reiseliv i ein del år, då bror min fann ut at han ikkje kunne vere kunstnar og gardbrukar samstundes utan at noko måtte vike.
Som yngste av to gutar, måtte eg plutseleg ta eit val eg aldri hadde teke stilling til før. Eg er ikkje like sikker på avgjerda mi kvar dag , men den gong tok det berre ein dag før eg hadde bestemt meg for å ta over garden.

Framtidsbonden Jon Korff Lofthus, Hardanger - les hele saken

5 spørsmål til Stortingskandidatane

Norsk Bonde- og Småbrukarlag stilte 5 spørsmål til alle førstekandidatane til alle partia i alle fylka.

Her er svara som kom inn i Hordaland.

5 spørsmål til Stortingskandidatane - les hele saken

"HAGEVANDRING PÅ FJORDEN" 16.JULI

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag inviterer denne gongen til ein litt spesiell hagevandring.

Båten "Lindenes" går frå Odda (kaien ved torget) kl.11, og tek oss med utover heile Sørfjorden til Utne.

Turen vil ta ca. 5 timar, og vil gå langs begge fjordsidene.

Ein kan og stiga på/av på Nå og Lofthus (på Nå ca.12.15).

Faglege innslag om fruktproduksjonen og lokalt jordbruk.

Sal av mat og drikke om bord.

Pris: 150,- for vaksne og 100,- for barn.

Alle er velkomne  - både medlemmer og andre interesserte.

For meir opplysningar: Kontakt Arne på 99355590

"HAGEVANDRING PÅ FJORDEN" 16.JULI - les hele saken

Småbrukarlagstur til Bulandet og Værlandet

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag arrangerte tur til Bulandet og Værlandet første helga i juli.

Småbrukarlagstur til Bulandet og Værlandet - les hele saken

Sommartur til Bulandet og Værlandet

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag inviterer med på tur til Bulandet og Værlandet første helga i juli.

Mellom anna skal me besøka Hilde Buer som driv med villsau i dette fascinerande øyriket.

Sommartur til Bulandet og Værlandet - les hele saken

Uttale frå fylkesårsmøtet 2017

Uttalen "Grøntsektoren på Vestlandet" vart vedteken av årsmøtet til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

Uttale frå fylkesårsmøtet 2017 - les hele saken

Fylkesårsmøte i Hordaland

Leiar  Jarle Helland tok attval då Hordaland Bonde- og Småbrukarlag var samla til årsmøte på Voss

4.-5.mars. Det gjorde også dei styremedlemmene som var på val.

Fylkesårsmøte i Hordaland - les hele saken

Bondeboka.no

Alt om regelverk, lovverk og ordningar du bør kjenna til.

Bondeboka.no - les hele saken


Fylkesårsmøte 4.-5.mars 2017.

Velkomen til fylkesårsmøte på Voss 4.-5.mars 2017.

Årsmøtesamlinga vert i lag med Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

"Kvifor jordvern?"

Føredrag og debatt med Dag Jørund Lønning på Bømlo 6.okt.

"Kvifor jordvern?" - les hele saken


Foredrag med Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning held foredrag i Jordvernforeininga i Bømlo!

Sett av kvelden torsdag 6. oktober kl 19.30, på bibloteket på Sams Senter, Svortland i Bømlo!

 

Foredrag med Dag Jørund Lønning - les hele saken

Hagevandring i Ullensvang

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag arrangerte hagevandring 21.august.

Hagevandring i Ullensvang - les hele saken


Invitasjon til hagevandring i Ullensvang

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag skipar til hagevandring sundag 21. august på Alsåker.

Me startar i tunet til Lars Johan Alvsåker kl.11.30 (vert skilta).

Det vert matservering, kaffi og sosialt samvær.

Alle er velkomne – både medlemmer og andre.

 

Helsing styret i Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag.

 

(Bildet er teke av Johannes Sekse).

Invitasjon til hagevandring i Ullensvang - les hele saken

Etnemarknaden 2016

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag var som vanleg på plass på Etnemarknaden.

Trivelege dagar. På biletet er det Bergljot Bruåsdal Hesvik og Geir Arne Eikemo som representerer.


17.april - den internasjonale småbrukardagen.

Til lukke med dagen, alle småbrukarar!

«La oss bruke spesielt dagen i dag - 17. april - til å vise at vi bryr oss, ikke bare om vår fremtidige matproduksjon, men også om de internasjonale konsekvenser av denne politikken. Norske bønder som kjemper for en norsk matproduksjon, slåss for samme sak som urfolk fra Mellom-Amerika som blir skutt eller fengsla når de kjemper for retten til jorda si, og som økonomiske flyktninger fra Nord-Afrika med sine fortvilte forsøk på å krysse Middelhavet og få den framtida storselskapenes jordran og klimaendringer tar fra dem i egne hjemland.»


Fylkesårsmøte 2016

På fylkesårsmøtet 12.-13.mars 2016 vart Jarle Helland attvald som styreleiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag. Nye styremedlemmer vart Jon Korff Lofthus frå Ullensvang og Gaute Røssland frå Osterøy. Nils-Brynjulf Bøe frå Os tok attval. Dag Kyrre Lygre, Øystein Hole og Birte Larsen var ikkje på val.

Fylkesårsmøte 2016 - les hele saken

Fylkesårsmøte 2016

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag inviterer til felles fylkesårsmøtesamling  12.-13.mars 2016 på Thon Hotel Førde.

 

Laurdagen vert det ope møte der Aksjon Ny landbrukspolitikk vert hovudtema. Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Merete Furuberg vil halda innleiing til debatten.

Årsmøtemiddagen laurdag kveld vert på Åmot Operagard.

 


Informasjon om investeringar i beiteområde - ny søknadsfrist.

Viktig informasjon om investeringar i beiteområde – ny søknadsfrist: 15. mars!

Det er nye midlar å søkja om til investering i beiteområde for 2016.

Informasjon om investeringar i beiteområde - ny søknadsfrist. - les hele saken

Invitasjon til markdag 16.januar

Første foringsplass i Fylkesmannen sitt pilotprosjekt er ferdig, derfor inviterer Ulveseth og Signalen beitelag til markdag laurdag 16.januar kl.13.00.

Invitasjon til markdag 16.januar - les hele saken


God jul

Me i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag vil ynskja god jul til alle medlemmene våre, tillitsvalde og samarbeidspartnarar.

Takk for alt arbeidet som er lagt ned i året som har gått. Det nye året som ligg framfor oss vil by på mange utfordringar som me håpar at me vil ta tak i med friskt mot og godt samarbeid.

Kurs : "Inn på tunet - kvalitet og trygghet"

Norsk Landbruksrådgiving skipar til todagarskurs i Bergen 8.januar og 5.februar.

Kurs : "Inn på tunet - kvalitet og trygghet" - les hele saken


Landsmøte 2015

Eit flott landsmøte er vel gjennomført. Delegasjonen frå Hordaland talde heile 18 stk alt i alt. Arne Lofthus frå Ullensvang vart attvald som politisk nestleiar og Ole Mikkel Odden frå Bergen vart vald inn i ungdomsutvalet. Gratulerar til dei.

Mobilt slakteri for sal

Hovedaksjeposten i Norges mest dyrevenlege slakteri, Mobilslakt AS, er lagt ut for sal. Fiks ferdig, veletablert og med alle godkjenningar på plass. No leitar gründaren etter dei rette kjøparane som kan overta og vidareutvikle denne eineståande bedrifta med dyrevelferd i framsetet.

Mobilt slakteri for sal - les hele saken


Inga slakting hos Mobilslakt i haust.

Mobilslakt har i fleire år gått med underskot, og arbeider no med å finna løysingar for å driva Mobilslakt vidare.

Inga slakting hos Mobilslakt i haust. - les hele saken

Matfestival i Bergen

  • Masse folk og god stemning på Matfestivalen i Bergen i helga. Småbrukarlaget var på plass med lappar og kaffi - og ein landbruksprat med dei som tok seg tid til det. På biletet er det Nils Brynjulv Bøe, Ingeborg Haaland Reisæter og Åse-Marie Reisæter som står på standen vår. Nils Brynjulf selde og flotte skinn frå eigne sauer.


BU-pris til Strilalam

Bedrifta Strilalam fekk tildelt Bygdeutviklingsprisen i Hordaland for 2014.

BU-pris til Strilalam - les hele saken

Sølv til Erik Krohn-Hansen på Langegården.

Erik Krohn-Hansen mottok 12.nov. Norges Vel si medalje i sølv for 30 års innsats som forpaktar av Langegården på Fjøsanger i Bergen. På biletet står Erik (til venstre) saman med styreleiar i Langestiftelsen, Erik Næsgaard.

Me gratulerar Erik med velfortent medalje!


Arne Lofthus vald til politisk nestleiar.

På landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1.-2.nov. vart Arne Lofthus frå Ullensvang vald til politisk nestleiar.

Arne Lofthus vald til politisk nestleiar. - les hele saken

Kvinnesamling 16.november.

Småbrukarlaget inviterer til dialogmøte for kvinner sundag 16.november hos Birte Larsen på Strutsefarmen i Bergen.

Kvinnesamling 16.november. - les hele saken


Jordvernaksjon i Bergen.

På "Verdens Matvaredag" aksjonerte bondeorganisasjonane i lag med Latin-Amerika-Gruppa.

Jordvernaksjon i Bergen. - les hele saken

Budsjettforslag vil råka mange vestlandsbønder

Regjeringa sitt budsjettforslag om å heva grensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150.000 vil råka meir enn 7000 bønder på landsbasis.

Budsjettforslag vil råka mange vestlandsbønder - les hele saken

Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as