Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Fylkesårsmøte 2018.

17.-18. mars 2018 hadde Hordaland Bonde- og Småbrukarlag årsmøtesamling i lag med Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Denne gongen var samlinga lagt til Balestrand, og den idylliske bygda viste seg i kald og strålande vinterprakt.

Om lag 40 medlemmer frå dei to fylkeslaga deltok på samlinga, der hovudtema var lokalmat.

Dag Kyrre Lygre frå Hordaland BS presenterte NBS sitt lokalmatprosjekt Matnyttig og fortalde om den nye satsinga på REKO-ringar. Bergen har nettopp fått sin første ring, og i Norge aukar talet på ringar raskt.

Ronny Sørbotten, markedssjef i Coop Vest, fortalde om Coop si satsing på lokalmat.

Torstein Kollevåg, Sølvane Gard, Kandal i Gloppen, fortalde om korleis han kombinerer kjøttproduksjon med kultur og turisme. Han har løfta fram kjekjøtet, og vist at det er eit stort potensiale for sal av kjøt med ein rettferdig pris til bonden.

 

Grete Helle Kløvtveit frå Hyllestad fortalde om Fjord Gardsmat si satsing på lokalmat og små leverandørar.  

Deretter var det tid for jordbrukspolitikk. Merete Furuberg heldt eit innlegg om Jordbruks-forhandlingane 2018. Bruk av norsk jord og matsikkerheit var noko av det ho la vekt på. Meir investeringsmidlar må gå til bruk av jord. Me treng ein ny landbrukspolitikk. NBS vil framleis

prøva å få på plass eit tilskot til mjølkebruk under 25 kyr. Tak må gjeninnførast og vera reelle. Pengar som vert brukt til nedskriving av kraftfor bør brukast til andre verkemidlar for mjølke-bonden. Det er usemje om auka kraftforpris, også innad i NBS.

Steinar Ness, stortingsrepresentant for Senterpartiet, heldt fram at matberedskap er eit moralsk ansvar. Me må ha fokus på bruk av jord, det er grunnlaget for matproduksjonen vår.

Me treng ein lov om god handelsskikk. Dagens regjering har brukt Staten sine pengar på å splitte næringa, det set samhald og solidaritet på prøve.

 

Sundagen heldt Hordaland Bonde- og Småbrukarlag sitt årsmøte. Jarle Helland vart attvald til leiar i laget. I styret fekk han med seg: Dag Kyrre Lygre, Jon Korff Lofthus, Birte Larsen, Øystein Hole, Svein Trygve Larsen (ny) og Leif Grutle (ny).


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as