Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Fylkesårsmøte i Hordaland

Leiar  Jarle Helland tok attval då Hordaland Bonde- og Småbrukarlag var samla til årsmøte på Voss

4.-5.mars. Det gjorde også dei styremedlemmene som var på val.

Styret for 2017 ser dermed slik ut: Leiar Jarle Helland frå Radøy. Styremedlemmer: Dag-Kyrre Lygre frå Fusa, Øystein Hole frå Osterøy, Birte Larsen frå Bergen, Jon Korff Lofthus frå Ullensvang, Nils-Brynjulf Bøe frå Os og Gaute Røsland frå Osterøy. Nils Martin Seim frå Voss kom inn som første vara.

 

Årsmøtesamlinga vart også dette året halde i lag med Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Om lag 50 utsendingar frå lokallaga i dei to fylka og ein del gjester, møtte fram på Voss laurdag føre-middag.

Torbjørn Norland frå sentralstyret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag starta med innlegget ”Forenkling eller treffsikker politikk?”.  Nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Arne Lofthus, heldt deretter eit innlegg om jordbruksforhandlingane og forslaget til ny jordbruksmelding.

Deretter var det fire inviterte politikarar sin tur. Ove Trellevik frå Hordaland Høyre, Leif Sande frå Hordaland Arbeiderparti, Gunvor Sønnesyn frå Hordaland Kristelig Folkeparti og Nils Bjørke frå Hordaland Senterparti presenterte sine og partia sine tankar og synspunkt om aktuelle saker i landbrukspolitikken. Det vart ein engasjert debatt med innlegg og spørsmål frå salen.

 

Sundag føremiddag heldt dei to fylkeslaga sine respektive årsmøte. Til slutt tok dei som ynskte det turen til den nye Voss Vidaregåande Skule. Olav Rio Holstad møtte oss der og tok oss med på ein rundtur i den flotte bygningen med store ljose lokale. Husdyravdelinga fekk me og sjå, med hestar, kyr og sauer.

 

På biletet over ser me frå venstre Ove Trellevik, Nils Bjørke, Gunvor Sønnesyn, Leif Sande på talarstolen og Harald Prestegard, møteleiar.