Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

"HAGEVANDRING PÅ FJORDEN" 16.JULI

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag inviterer denne gongen til ein litt spesiell hagevandring.

Båten "Lindenes" går frå Odda (kaien ved torget) kl.11, og tek oss med utover heile Sørfjorden til Utne.

Turen vil ta ca. 5 timar, og vil gå langs begge fjordsidene.

Ein kan og stiga på/av på Nå og Lofthus (på Nå ca.12.15).

Faglege innslag om fruktproduksjonen og lokalt jordbruk.

Sal av mat og drikke om bord.

Pris: 150,- for vaksne og 100,- for barn.

Alle er velkomne  - både medlemmer og andre interesserte.

For meir opplysningar: Kontakt Arne på 99355590

 

Den årlege hagevandringa til Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag går av stabelen sundag 16. juli med start frå Odda, der me har alliert oss med mannskapet på turistbåten «Lindenes». Etter mange år med hagevandringar i ulike grender og bygder er det dette året duka for ei «vandring» langs fjordsidene for å få med heilskapen i jordbrukslandskapet.

Sørfjorden med grender og bygder frå Odda i sør , vidare til Ullensvang ut mot Utne har mykje flott å by på av natur og ikkje minst aktive fruktgardar som klorar seg fast i bratthellingane. Turen må av tidsmessige årsaker avgrensast til omlag litt forbi Utne. Sidan laget vårt hadde hagevandringa på Alsåker sist sommar blir me nok orsaka om ikkje «Lindenes» rekk dette området denne gongen.

 

Å arrangera ein fagtur på denne måten vil alltid vera vanskeleg og risikabelt, men me satsar på at mange vil vera med på denne vandringa i fjordlandskapet. Båten tek 100 personar og det vert naturleg nok den 1. avgrensinga. Det vil koma annonse i Hardanger Folkeblad for nærare informasjon. Turen er ikkje meint å vera rein turisfrakt, men ein kombinasjon av faglege innslag omkring jordbruket, lokalkjennskap til ulike grender og bygder, ein porsjon jordbrukspolitikk- og sjølvsagt stort fokus på det sosiale.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag har tinga mat for turen til ein liten penge, og me set også på kaffikjelen og sel drikka til dei som ynskjer det.

Laget vårt har søkt om og fått litt økonomisk støtte frå fruktlagera i Ullensvang, og dei finnst det 3 stk av og me passerer alle 3.

Det faglege vil mest dreia seg om fruktdyrking, med fokus på krevjande dyrkingsarbeid i utfordrande og bratt fjordlandskap. Tynningsarbeidet som føregår i eple- og plommeplantingane no i juli er alltid sentralt tema, og gjer at fruktplantingane i Hardanger truleg er dei mest avlingsstabile frukthagane i landet.

Me kan av naturlege årsaker ikkje visa fram maskinar som blir bruka i frukthagane, men me kan på ein lettfatteleg måte forklara kvifor terrenget vårt krev ei anna mekanisering enn det tradisjonelle jordbruket.

«Lindenes» gjer stopp på Nå for å ta på folk, neste stopp vert Lofthus for folk og mat. Deretter siglar me langs austsida av fjorden utover mot Ystanes, kryssar til Utne, og gjer vendereis langs vestsida av fjorden . Det blir stopp på Lofthus, Nå og deretter Odda.

Turen har ein liten pris pr person, men det faglege, politiske og sosiale veg opp for dette .

Når me passerer ulike grender/ bygder vil me så godt som mogeleg informera om jordbruket på desse stadene. Lokalkjennskapen må utviklast dersom me skal fremja og utvikla det gode jordbruksmiljøet i området vårt.

Fjell og vatn vil og vera tema undervegs. Hardangervidda og Folgefonna er område med stor nasjonal verdi.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag set pris på tilbakemeldingar om interesse for turen. Diverre har me avgrensing på 100 personar. Me ynskjer medlemer, ikkje medlemer og bygdefolk velkomne.

Turen høver godt for familiar, men me gjer merksame på at fjordreisa tek omlag 5 timar frå Odda og attende til Odda. Som alltid- vèret kan me ikkje styra, men me satsar likevel på fint turver.

 

 

Styret i

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag

 


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928