Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

"Kvifor jordvern?"

Føredrag og debatt med Dag Jørund Lønning på Bømlo 6.okt.

REFERAT FRÅ FØREDRAG «KVIFOR JORDVERN?» MED ETTERFØLGJANDE DEBATT I REGI AV JORDVERNFOREININGA I BØMLO.

Torsdag 6. oktober 2016 arrangerte Jordvernforeininga i Bømlo eit føredrag med tittelen «Kvifor jordvern?» på Bømlo folkebibliotek. Føredraget vart halde av professor Dag Jørund Lønning. Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling, og til dagleg tilsett som rektor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014 og Årets norske bygdeprofil i 2015. Dag Jørund Lønning har dei siste åra vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv. Lønning snakka om kvifor landbruk og jordvern er viktig. Han meiner at bonden (den buande) er heilt sentral i bygdelivet og undrar no på om ryggrada i norsk landbruk og bygdeliv er i ferd med å knekka. Marknaden skal styra meir og meir i dagens samfunn, men finst det andre verdiar enn marknadsverdiar? I Noreg er det berre 3% jordbruksareal og me er avhengige av å kunne nytta oss av heile dette arealet. Dette må me stå opp for! Mange stader oppstår det konfliktar mellom folk som ynskjer utbygging av bustader, industri eller vegar, bønder og friluftsfolk. Her havnar ein ofte i skyttargravene og har vanskar med å få i stand ein god dialog. Det er ikkje til det beste for jordvernet. Lønning snakka varmt om det han kalla deltakande demokrati. Dersom ein ynskjer at folk skal få eigarskap til prosessar må dei få vera med frå starten av og kunna kjenna seg likeverdig med andre deltakarar i prosessen. Lønning trekte her fram Jærsmiå, som han er prosjektleiar for. Her møtest representantar for landbruk, bustadbygging, offentleg planlegging, friluftsliv og vern i Jærlandskapet i dialog for å prøva å finna felles interesser og verdiar. Målet er å skapa gode prosessar og berekraftige løysningar gjennom dialog. Etter føredraget vart det opna for debatt. Det var om lag 40 tilhøyrar, deriblant ein frå kommuneadministrasjonen og to kommunestyrerepresentantar. Mange personar hadde kommentarar til føredraget og alle takka for eit inspirerande føredrag. Det var blant anna spurt kvifor jord ikkje kan ha eit like sterkt vern som fugl, korleis kan ein involvera fleire i landbruk, kvifor vert ikkje landbruksplanen i Bømlo følgd opp og vil kommunesamanslåing styrka jordvernet? Det kom også opp eit forslag om å få til noko liknande Jærsmiå i Bømlo kommune. Denne oppfordringa gjekk vidare til representantane frå kommunen og kommunestyret. Kvelden var vellykka og Jordvernforeininga ynskjer vel møtt til eit nytt møte seinare med tema «kva lovvern har det biologiske mangfaldet?»

Eli Tverborgvik

sekretær

Jordvernforeining