Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Landsmøte 2017.

Første helga i november var det igjen klart for Landsmøte, også denne gongen på Gardermoen.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag hadde 13 utsendingar.

 På utstillinga ”Smaken av hele Norge” hadde me, som alltid, eple og fruktprodukt frå Ullensvang. I tillegg hadde Dag Kyrre Lygre og Jens Markhus med geitost som alle kunne få seg ein smak av. Jens hadde også med spekepølse til smaksprøvar. Me hadde også teke med oss ”Edel” sider frå Gjermund Åkre, småbrukarlagsmedlem frå Ullensvang. Smaksprøvar med dei edle dråpane fall absolutt i smak.

I leiartalen kritiserte Merete Furuberg regjeringa sin landbrukspolitikk. Den tek landbruket i feil retning, og me treng ein ny landbrukspolitikk.

”Hovudgjesten” på møtet var landbruksminister Jon Georg Dahle. Ikkje uventa refsa han Småbrukarlaget for våre brot i jordbruksforhandlingane. Overskotet av lammekjøt og investeringstilskot var og tema, men heller ikkje der var ministeren mottakeleg for å ta på alvor synspunkta som kom fram. Fleire stortingspolitikarar var også til stades og deltok i paneldebatt.

Saka som vekte mest debatt på landsmøtet var eit framlegg om å offentleggjere kravdokumentet til Småbrukarlaget før starten av forhandlingane med Bondelaget om felles krav for jordbruksoppgjeret. Pådrivarane bak forslaget meiner at ei offentleggjering vil synleggjere kva Småbrukarlaget står for og visa at det er behov for ein ny kurs i landbrukspolitikken. Både Merete Furuberg, Arne Lofthus og andre i styret åtvara mot konsekvensane. Ifølgje Furuberg kan det vera i strid med hovudavtalen, og det vart reist spørsmål om det kan føra til at Småbrukarlaget mister retten til å vera part i jordbruksforhandlingane. Vedtaket vart til slutt: "Landsmøtet ber styret legge frem en strategi for offentliggjøring av NBS sine krav og prioriteringer før forhandlingene om jordbrukets felleskrav starter. Denne skal forelegges repr.skapsmøtet i mars 2018".

Merete Furuberg vart attvald som leiar. Politisk nestleiar vart Elin Bergerud og org.nestleiar Ragnhild Bergset Elvestad.