Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Leiars tale til fylkesårsmøtet 2018.

Her kan du lesa heile "Leiars tale" som Jarle Helland heldt til fylkesårsmøtet 2018.

Leiars tale 2018

 

Eg vil ønskja utsendingar og andre velkommen til den formelle delen av årsmøtet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag.

 

Jordbruksoppgjeret i fjor var det fjerde med ein landbruksmister frå Framstegspartiet. Det nye var at

Dale hadde overteke jobben som landbruksminister og at det var valgår. Me hadde vel ikkje trua på at oppgjeret skulle ha ei anna politisk innretning enn dei tre føregåande oppgjera –og det hadde det heller ikkje. Tilbodet var 410 mill. noko som var litt under 30% av landbrukets krav på 1.450 mill.

Småbrukarlaget og Bondelaget var klare på at skulle landbruket få den same inntektsutviklinga som andre grupper måtte ramma vera på litt over 800 mill.

 

At det i år vart felles brot enda med ein flott gjennomført demonstrasjon i Oslo den 23.mai, med

eit klart bodskap til regjering og Storting.

 

Ved handsaming av oppgjeret i Stortinget ville opposisjonen med støtte frå Krf auka ramma til litt

under 1 mill. – men Venstre fremja eit forslag med ei ramme på 625 mill. – det fekk fleirtal med støtte frå Høgre og Framstegspartiet. Venstre sitt framlegg til ramme gav ikkje landbruket same kronemessige inntektstillegg som andre grupper. Småbrukarlaget burde difor ikkje gått i forhandlingar om fordeling av Venstrepengane. Eg hadde håpa at statens sitt forslag om å auka tilskotet til beiting i utmark – samt auke av omrekningsfaktoren frå 0,6 til 0,8 for innmarksbeite – hadde vorte ståande. Det skjedde ikkje. Eg trur at dei to endringane  hadde stimulert til auka beiting av desse to arealtypane i fylket vårt – samt at det kunne betra litt på ein svak økonomi i sauehaldet.

 

I 1949 vart det gjennomført jordbruksteljing i landet. Teljinga syner at det var eit mangfald av jordbruk på Radøy den gongen. Det vart dyrka både havre og bygg i tillegg til poteter, fornepe,

kålrabi og formarkål. Som no vart det og dyrka gras til vinterfor.  Husdyra beita både inn- og utmarksbeita. I tillegg var det vanleg med uteslått. Litt bær og grønsaker vart og dyrka i denne tida på øya. Det var 2500 kyr og kviger. Vel 800 gris og 6400  sauer og lam. Det var også 6000 høns og 508 hestar. Teljinga syner at det var  28300 da i drift.

 

I 2017 har Radøy vel 26000 da i drift, det er ikkje poteter eller korn eller noko anna form for grøde enn gras. Det er berre storfe og sau i fjøsa. 25 mjølkeprodusentar har til saman 565 kyr på båsen. Talet på sau er om lag det same som i 1949. Fjørfe har auka kraftig.

 

Jordprøvar syner at det er låg pH  og at fosforinnhaldet i jorda er langt over behovet. Mange stadar er jorda vassjuk etter nok eit år med mykje nedbør og hausting av areala med tunge traktorar.

 

Så då må me spørja oss – har me ikkje for til fleire dyr på den grøne øya i dag?

Truleg er avlingane halvert sidan 80-talet og det er grunnen til at me ikkje har fleire dyr enn me har.

Innkjøpt kraftfor har erstatta dei avlingane som me tidlegare hausta frå dei 28300 da i drift og som

me nytta til å fora fram dyra våre og produsera mjølk på. Eg reknar med at mange i salen kjenner seg

att i sin kommune i det biletet som eg har teikna  av ei utvikling av landbruket på Radøy.

 

Berre sidan år 2000 er verdien av importerte jordbruksprodukt til landet vårt auka frå om lag 20000 millionar kroner til 60000 millionar kroner i dag. Det aller største produktet er oljefrø frå Brasil.

Altså kraftfor til dyra våre.

 

 

 

 

 

 

Samstundes med at det biletet eg her har teikna veks fram, vert landbruket skulda for å bidra mykje

til negative tal i klimarekneskapen. Både CO2 og lystgass kjem frå verksemda vår. Me bidreg også til å

ureina elvane og vatna vert det hevda frå fagmiljø utanfor næringa. Det vert og hevda at me ikkje har kontroll på korleis me lagrar og spreier gjødsla eller korleis me lagrar siloforet vårt.

 

Med andre ord – det er kanskje på tide at me kikkar oss sjølv litt nærare i korta? Kvifor stiller eg dette spørsmålet? Må me ikkje forsvara jordbruket vårt så godt me kan mot alle angrep som kjem «utanfrå»? Jau – det meiner eg at me må – men kva skal dette forsvaret gå ut på? I alle år sidan

Hovudavtalen såg dagens lys i 1950 har spelet etter mitt syn vore mykje det same. Me fekk opptrappingsvedtaket i 1975 og  det vart stor optimisme – men like etterpå var overproduksjonen eit

faktum i fleire produksjonar.. Sidan har me berre vorte færre og færre. Økonomien vert dårlegare og

avlingane går ned. Jordbruksavtalen har vore med på å omforma jordbruket frå ei bygdenæring tufta på lokale ressursar til ei næring tufta på innkjøpte ressursar. Reduksjon i sysselsetting og arealbruk har vorte priortert og ønskt av dei som har hatt makt. Alle som har skrive under jordbruksavtalar og gjeve si tilslutning i Stortinget  - har eit stort ansvar for den situasjonen me no har i norsk matproduksjon. Me har sett at det i desse åra har spela lita rolle kven som sit med regjeringsmakt – retninga har vore klar. Vil me gå vidare? Svaret må vera nei.

 

Styresmaktene sitt krav er at me må verta meir effektive – men kva er effektivitet? Kanskje er me mest effektive når me utnyttar areala våre på ein slik måte at  me produserer  størst mogeleg overskot av energi, samstundes som livet i jorda har det best mogeleg?

 

Forsøksstasjonen på Fureneset laga i 2016 ei utgreiing som heiter «Tilpassing til eit endra klima -  aktuelle tiltak i landbruket på Vestlandet». I den rapporten syner dei korleis klimaendringane vil

vera ei stor utfordring for oss. Grunnane til at me får problem skriv seg mellom anna frå den praksisen me har nytta dei siste 25 åra. Dei tunge maskinane, dei store mengdene med gylle – ofte

på feil stad og til feil tid, store mengder med fullgjødsel og mange stader den manglande kalkinga saman med særs dårleg grøftetilstand. Alt dette er med på å redusera fruktbarheita i jorda og minska

jorda si evne til å tola klimaendringane som er venta. Det fører og til auka avrenning frå jord til elvar og vatn.

 

Varmare ver lenger utover hausten saman med auka nedbør og nesten ikkje vinter (2018 ser ut til å verta ein gammaldags vinter?) gjer at me ikkje  kan forsetja slik me har gjort. Me må få til ein annan politikk som gjer det lønsamt å ta jordsmonnet vårt på alvor.  Me må skåna jorda, la jorda få høve til å arbeida opp att fruktbarheita, moldinnhaldet, porestrukturen, og mengda med mikroorganismane i

jorda, slik at jorda kan gjera oppgåva si – som er å syta for liv til oss alle.

 

Klarar me dette vil landbruket gå frå å vera ei næring som i dag ureinar luft, vatn og vassdrag til å vera ei næring som bind karbon og hindrar at CO2 slepp ut i atmosfæren. Me må stella jorda vår slik

at den kan gje næring til alt liv i eit evigheitsperspektiv.

 

Kva er berekraft. Dette har etter kvar vorte eit omgrep nytta for å forsvara alle typar aktivitet som

kanskje ikkje fortener det. Bondelaget si kampanje heiter «klimasmart landbruk», men i realiteten skjer det ingen grunnleggjande endring. Samstundes er me andre også meir eller mindre viljug til

endringar –me skal byggja lausdriftsfjøs, men kvifor? Me molda ned husdyrgjødsla med svære maskiner og trur me bidreg til betre klima, men gjer me det?

 

Berekraft er det når aktiviteten me driv skapar meir energi til folks liv enn det aktiviteten krev for å

kunna utførast. Meir ressursar vert skapt enn det som vert forbrukt. Prosessane kan gå til evig tid utan at ressursane vert brukt opp.

 

I dag må me diverre vera samd i at norsk landbruk – og kanskje alt vestleg landbruk – ikkje er slike prosessar. Jord vert øyda, drivstoff vert brent, næringsstoff vert produsert medan me brukar meir kaloriar enn me produserer. Regnskog må hoggast for at våre husdyr skal få nok mat av høveleg kvalitet. Dyra våre kan ikkje produsera dei mengder me krev av dei  på det foret vi kan dyrka her

heime?  Men i 1949 kunne me leva og leva godt. Truleg var jorda i god hevd og utslepp til luft og

vatn var på mange måtar mindre enn i dag.

 

Me kan ikkje gå attende. Det nyttar ikkje, men me må truleg tenkja nøye igjennom korleis me vil gå

framover.  Dersom me ikkje gjer det sjølv, dersom me ikkje er villege til å «stikka fingeren i jorda»

og vera  ærlege internt i næringa, kjem nokon andre til å sei det.   Dei kan sei «kvifor skal me overføra

kroner til ei næring som stadig tappar samfunnet for energi? Og som dei same hevda at me ureinar vatn og vassdrag  og at me slepp ut mengder med klimagass?».

 

Når dette spørsmålet kjem for alvor må me kunna svara for oss. Me bør ha starta arbeidet med å sikra fruktbarheita i jorda. Me bør gjera det sjølv, for det må vera i vår interesse at jorda er i god stand. Som bønder lever me av jorda i dobbel forstand – både av brødet som kjem frå jorda og av at

jorda kan produsera brødet utan å verta øyda.

 

I 2016 vedtok landsmøtet i Småbrukarlaget at laget skulle arbeida fram eit forslag til ein ny landbrukspolitikk for landet vårt. Eit utval skal ha forslaget klart til landsmøtet i haust. Oppgåva

til utvalet må vera å tenkja ut korleis me skal gå framover. Me må tenkja ut korleis me skal endra krava våre til jordbrukstingingane slik at politikken kan verta snudd til å handla om matproduksjon med god agronomi, berekraft og lagring av karbon. Me må setja livet i jorda framfor meir pengar til nye driftsbygningar. Me aukar ikkje nettoen vår, før jorda på nytt vert levande og vil gje auka fold.

Jorda er den aller største verdien me har på kloden vår. Me lever bokstavleg  talt av at jorda har det bra og kan vera ein god heim for alt som skal veksa og gro.

 

Me må sjå på jordpakking, gjødselpraksis, foringsregime for dyra, grøfting m.m. Så må me og sjå på  kunnskap.

 

Me har eit godt utbygd forskingsmiljø innanfor landbruket i Norge. Dette er eit miljø som meir og meir er på jakt etter oppdrag – prosjekt – for det er det dei stort sett lever av i dag. Me i Småbrukarlaget må jobba meir opp mot dette miljøet og vera pådrivarar for å få i gang prosjekt som set fokus på måten me brukar jorda på – både innmark og utmark. Dette krev både omlegging av sjølve måten å tenkja på og ein argumentasjon for grovforet som grunnlag for kjøtt- og mjølkeproduksjonen. Det kan krevja endring i synet på kva ei god kyr er – er det sikkert at det er NRF-kyr som kan produsera mest mjølk på innmarksbeita i fylket vårt? Det kan og henda at me må gjera det same når det gjeld kva sauerasar som best kan nytta inn- og utmarksareala våre. Me må kanskje slutta å gje vår støtte til det miljøet i sauehaldet som gjennom vilja mål i avlsarbeidet har ført til at det er meir vanleg å få 3-4 lam per sau enn 2 og der overskotslamma vert fora fram på mjølkeerstatning og kraftfor. Denne utviklinga gjer at sauen held på å mista rolla som fjellet sin slåttekar.

 

Får me til ei omlegging der ein større del av kjøtt- og mjølkeproduksjonen vil skje på gras og ikkje på

kraftfor som i dag – vil eit vakkert kulturlandskap komma av seg sjølv. Fokuset må vera på å nytta graset som grunnlaget for matproduksjon i landet vårt. Det einsidige fokuset på samdrift og større einingar er til skade for ein anna måte å tenkja ressursbruk på. Forskingsmiljøet vårt må snarast laga

samanlikningar mellom store  og små driftseiningar innan husdyrbruket vårt som viser bruk av innsatsfaktorar som drivstoff, gjødsel, kraftfor, innkjøpt teknologi – sett i forhold til kva som faktisk kjem ut av innsatsen – med andre ord eit netto resultat.

 

Me må setja fokuset på transportmønsteret i norsk landbruk og kostnaden med det. Det vil sei at fokuset må setjast på heile tanken om regionalisering og konsentrasjon av matvareproduksjonen i

landet vårt. I det same bildet må me drøfta mekanisering og korleis den skal optimaliserast ut frå

hensyn til jorda, reduksjon i drivstofforbruket og moglegheit for å nytta areal som i dag vert vurdert for krevjande å hausta med store og lite fleksible traktorar og anna hausteutstyr som er i bruk i dag.

Me må gå ned av traktoren og sjå på jorda. At plantene vert grøne er ikkje det same som at jord har det bra.

 

Når livet i jorda på nytt er slik det skal vera, trur eg at avlingane vil dobla seg og trongen for å importera for vert redusert. Karbon vert bunde i jorda og landbruket vert ein viktig bidragsytar til

betre klima.

 

Så jordvern er meir enn ein kamp mot nedbygging av matjord. Jordvern er eit spørsmål om korleis

me steller jordkapitalen vår - i måten me driv jord på. Her kjem arealtilskotet, kornpris og investeringsmidlar inn. Skal landbruket greia å auka matproduksjonen i landet vårt på norske  ressursar treng me investeringsmidlar for oppgradering av  driftsapparatet vårt. Med unntak av dei

siste 2-3 åra har det meste av investeringsmidlane vore brukt til bygging av nye driftsbygningar med auka driftsomfang – medan midlar til vedlikehald av jordkapitalen har vore fråverande.

 

Det er vel 7-8 år sidan Småbrukarlaget lanserte at det burde innførast eit Driftsvanketilskot – noko som vart avvist både av Bondelaget og Staten. Då Stortinget handsama  jordbruksavtalen

i fjor vedtok dei at det skulle setjast ned ei arbeidsgruppe som skulle levera ein rapport om eventuell 

innføring av eit driftsvansketilskot. Rapporten vart levert kring 1. mars.

 

Mandatet til arbeidsgruppa var at det i driftsvansketilskotet skulle leggjast inn ordningar som skulle

hindra areal i å gå ut av drift fordi det er knytta meirkostnader til å drifta areal ut over det som allereie er kompensert for.  Den kompensasjonen me har i dag er soneinndeling på dei ymse tilskota innan arealtilskotet og distriktstilskot på mjølk og mørkt kjøtt. Dette er grovmaska ordningar som gjev store forskjellar mellom bruk i same bygd. Eg hadde difor håpa at i botn for eit driftsvansktilskot skulle innmarkstypane fulldyrka, overflatedyrka og innmarkbeite liggja – og så trekkja inn brattlendt og teigstorleik. Her i fylket utgjer innmarksbeitet litt under 40% av dei litt over 400 000 da det vert søkt produksjonstilskot for. Det er og dette arealet som har gått mest ut av drift dei siste 10 åra. Slik

eg har lese rapporten, ser det ut til at det vil enda opp med brattlendt-tilskot og ei form for eit tilskot

for teigstorleikar og mengde. Innmarksbeitet er ikkje ein del av driftsvanskeordninga. Det er skuffande. Eg meiner det vil vera ein stor skuffelse dersom driftsvansketilskotet enda opp med ei ordning for teigblanding og tilskot til brattlendt. 

 

I Hordaland er brattlendt ein del av RMP-programmet i dag. Eit driftsvansketilskot bør difor formast slik at det vert like lønsamt å hausta jorda vår enten det er i eit bratt eller kupert innmarksbeite – eller ein overflatedyrka teig på 2-3- da som er kupert med åkerholmar og fjell i dagen eller eit fulldyrka areal som er brattare enn 1:5.

 

Det er no viktig at me har trua på at me i arbeidet med ein ny landbrukspolitikk   - i nær framtid kan få støtte for ein politikk der familielandbruket og småskalalandbruket på nytt vert løfta fram som den mest berekraftige måten å sikra eit stadig aukande folketal i landet vårt nok sunn og god mat i eit evigheitspersperktiv.  Produksjon av mat vil måtta skje på ein agronomisk god måte – der hensynet til matjorda er det overordna målet. Matproduksjon er samfunnsoppdrag med politiske målsetjingar.

Einsidig fokus på mengde og auka produksjon som er lausreve frå bruk av jord og måla jordbruket skal utføra på vegne av fellesskapet – vil undergrava jordbrukets samfunnsoppdrag og legitimitet.

 

Så formålet med norske jordbruk må ikkje vera å produsera mest mogeleg mat på få einingar og med store mengder importerte innsatsfaktorar – men å produsera nok og trygg mat på ein berekraftig og ressurseffektiv måte på norsk jordressursar over heile landet.

 

Jordbrukspolitikk skal handla om å ta standpunkt til produksjonsmåte gjennom å styra innsatsfaktorane areal, arbeidskraft og kapital samt styra produksjonsvolumet gjennom å regulera

det markedet matproduksjonen vert omsett i.

 

Problemet i dag er kanskje ikkje at det vert produsert for lite mat i verda – men heller korleis maten vert produsert og kven som har makta over den. Eit industrialisert jordbruk med fokus på volum er ikkje svaret på verdas matproblem. Matproduksjon må vera både klimarobust og klimavenleg.

Eg er sikker på at det er Småbrukarlaget som må staka ut kursen viss me skal lukkast med å få eit jordbruk som er tufta på jorda si tollvern.

 

Så kjære utsendingar – kommande generasjonar vil takka deg for at «du stod han av» då høgrekreftene forsøkte å rasera bygdenorge og verktøykassa i den norsk landbruksmodellen.

 

Medlemsverving er noko  som me må ha i tankane mest kvar dag. I Hordaland har me ved årsskiftet litt i underkant av 700 medlemar. Dei siste åra har Småbrukarlaget hatt ein liten medlemsauke – men det har me ikkje greidd i Hordaland. Utan å ha snakka med styret om det – eller vita om eg vert attvald om ei stund – lover eg at dei som vervar meir enn 5 medlemar frå no og fram til 1. juli skal få ei påskjønning på fylkesårsmøte evt. lokallagsmøte. Kva vervar i fylket skal få – trur eg at eg må ha eit fylkestyrevedtak på. Lukke til med vervinga.

 

Eg vil takka styret for den innsatsen de gjer for laget- og ikkje minst vil eg takk dykka for godt samarbeid noko som gjer det inspirerande for meg å vera leiar for laget.

 

Eg vil og takk dykk som står på ute i lokallaga – utan den innsatsen de gjer ville me ikkje hatt eit aktivt og levedyktig Småbrukarlag.

 

Til slutt - Åse-Marie – takk for den flotte jobben du gjer som sekretær for laget vårt.

Ha eit godt årsmøte.   

 

 

 

Jarle Helland

Leiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as