Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Bulandet og Værlandet Foto: Bulandet & Værlandet Grendalag

Sommartur til Bulandet og Værlandet

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag inviterer med på tur til Bulandet og Værlandet første helga i juli.

Mellom anna skal me besøka Hilde Buer som driv med villsau i dette fascinerande øyriket.

Småbrukarlagstur til Bulandet og Værlandet.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag inviterer medlemmer og andre interesserte med på tur første helga i juli. Hilde Buer, som bur og driv med villsau i dette vakre øyriket, vil ta i mot oss. Me bur på Værlandet Gjesteheim. Det er ein ned-lagd skule, og me overnattar i 4- og 5-mannsrom. Frukost ordnar me sjølve der.

Denne helga vert det arrangert Nordsjøporthelga, med fleire ulike aktivitetar. Dei som ynskjer å få med seg noko av det, kan ta seg ein tur på eiga hand når det måtte passa. Mellom anna er det ”Alden opp”, ope kro og dans.

 

Program:

Laurdag 1.juli:

Kl. 10.00. Velkomst og kort presentasjon.

Vi går frå gjesteheimen gjennom bygda og ut i Austneset der sau og lam går. (om det er skikkelig uvær kan vi presentere drifta og villsauen inne på kroa).

Kl.13.00. Heim att til lunsj på Gry sin kro.

Kl 15.00 -18.00 besøk hos Hilde Buer og Anders Braanaas. Vi fortel om økohuset og drifta i Sørværet Villsau.

19.00 Middag på Gry sin kro. Hilde og Anders blir med

 

Sundag 2.juli:

Kl. 10.00. Tur i Brimneset for å sjå og å lære om lynghei og helse på risbittene.

Kl. 12.00. Lunsj på Havsalaten i Bulandet.

Kl. 13.00. Tur på Hillersøy for å sjå det karakteristiske havlandskapet og helse på gimrene .

Kl. 14.00. Kaffipause i ”Floren”. Kafe og galleri på Gjørøy.

 

Det går ferje frå Askvoll til Værlandet. Dei fleste vil vel koma i bil, men turen med hurtigbåt frå Bergen til Askvoll kan og anbefalast. Den går frå Bergen kl.16.30 fredag. Me har lagt opp til at ein kan velja om ein vil koma til Værlan