Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Uttale frå fylkesårsmøtet 2017

Uttalen "Grøntsektoren på Vestlandet" vart vedteken av årsmøtet til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

Grøntsektoren har ein årleg produksjonsverdi i Norge på nærare 3 milliardar kroner, og er dermed den tredje største næringa i landbruket, etter mjølk og kjøt.

I grøn vekst-rapporten av 2015 vart det peika på at denne næringa har stort potensiale for vekst. I rapporten ”Samfunnsgevinster av å følge Helsedirektoratets kostråd”, gitt ut av Helsedirektoratet i 2016, vert det konkludert med at samfunnskostnadane relatert til helsetap grunna for lågt inntak av frukt og grønsaker er rekna til heile 60 milliardar kroner. Regjeringa sitt ekspertutval for Grøn konkurransekraft konkluderer med at det er gode grunnar til å stimulere norsk produksjon av grønsaker, poteter, frukt og bær, mellom anna for å møte klimautfordringane på ein offensiv måte.

Regjeringa har signalisert at den vil prioritere sektorar med størst marknadspotensiale i forhold til etterspurnaden, der grøntsektoren i fleire rapportar peikar seg ut som den med det største vekstpotensialet. I jordbruksmeldinga står det lite eller ingen ting om kva regjeringa vil prioritere av tiltak.

Grøntsektoren har det svakaste importvernet i jordbruket, noko som også er bekrefta av departementet. Sektoren hentar i gjennomsnitt over 90% av inntektene frå marknaden, og tek i mot berre 2% av dei totale løyvingane over jordbruksoppgjeret. Samtidig er denne sektoren svært arbeidskrevjande, der lønskostnadane i gjennomsnitt ligg på godt over 30% av totalkostnaden i produksjonen.

Det er også med stor uro ein ser at regjeringa vil reversere måla om auke i økologisk matproduksjon, sjølv om ein også her ser ein stor auke i etterspurnaden.

 

Dei viktigaste momenta for auka verdiskaping i grøntsektoren på Vestlandet er:

 

  1. Styrka tollvern.
  2. Auka investeringsmidlar fordelt til alle bruk.
  3. Auka midlar til forsking, utvikling og rådgjeving.
  4. Langsiktige produksjonar fordrar langsiktige rammevilkår.
  5. Auka fokus på økologisk produksjon.
  6. Sterkare fokus på utdanning og rekruttering.
  7. Strukturfordeling på tilskotsmidlar.

 

Produksjon av særleg frukt og bær er ein typisk distriktsproduksjon med høg verdiskaping i mange kommunar utanfor dei mest sentrale jordbruksområda.

 

 

Voss  5.mars 2017.