NBS i kontaktutvalet til regjeringa

Gode statsminister og regjeringsmedlemmer !

Norsk Bonde- og Småbrukarlag nyttar høvet til å takka for at me er inviterte til denne hendinga.

Klimautfordringane er universelle, og Noreg har underskrive forpliktande avtalar om reduksjonar i klimagassutslepp. Sidan 1999 har norsk landbruk, jord og skog, allerede redusert sine klimagassutslepp med 13 prosent. Prosentdelen som landbruket representerer av dei totale norske utsleppa er no på 8 prosent. Diverre har dei totale norske utsleppa gått opp i den same perioden.

For at resten av samfunnet skal oppfylla norske lovnader om klimagassreduksjonar, må regjeringa vera meir offensive i sin klimapolitikk. Norsk Bonde- og Småbrukarlag etterlyser meir konkrete utspel frå regjeringa på kva den omtala bioøkonomien skal innehalda, og me vil ha ein raskare omlegging til ein grøn økonomi. Det er prisverdig med auke i bevillingar til forsking og utvikling, men denne regjeringa sin politikk om næringsnøytralitet hindrar at det grøne skiftet tar av. Det er kritikkverdig at samfunnet ikkje stiller med risikokapital i ein periode for å få fart i den konkrete omstillinga frå oljeøkonomi til ein grønare økonomi. Noko av samfunnet sine fellesmidlar burde vore brukt til slike framtidsinvesteringar.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag støttar framlegg om auke i midlar til skogsveier og tømmerkaiar. Regjeringa får poeng for dette. Me finn det og positivt at regjeringa vil halda fram med klimatiltak i skogbruket.

I budsjettet til landbruks- og matdepartementet er det og føreslått auke i midlar til arbeidet mot antibiotikaresistens i norsk husdyrhald og norske jordbruksprodukt. Dette er tiltak som me er glade for og støttar. Med tanke på den traumatiske situasjonen som dansk svinehald no må oppleva, så er den norske politikken på dette området god.

Regjeringa vil satse på alternativ næringsutvikling for å gje grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon. Samtidig vil regjeringa leggja ned det «trebaserte innovasjonsprogrammet», og meiner næringa sjølv må ta hand om utviklinga. I 2001 blei verdiskapingsprogrammet for lokalmat etablert, noko som ingen idag er negative til. Programmet vart følgt opp med betydelege midlar, 1,3 milliardar kroner frå starten til idag. Norsk Bonde- og Småbrukarlag oppmodar regjeringa til å sjå at det er trong for offentlege midlar for å styrkja og utvikla næringar som treng starthjelp, ofte i næringssvake område.

Å fjerna skattefritaket på investeringsstøtte til bønder, IBU-midlar, vil i praksis gje redusert avskrivingsgrunnlag, og dermed også auke i skatt. Dette er uheldig, og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil frårå eit slikt grep.

Kva er motivet for å leggja forskingsavgifta på jordbruksprodukt inn i statsbudsjettet i staden for å ha ordninga som ei fondsordning som idag?

Endring i jordbruksfrådraget til også å gjelde aksjeselkap inngår i regjeringa sitt framlegg. Dette synes Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uheldig, då ordninga legg til rette for aksjeselskap som eigarar av norske landbrukseigedomar, og dermed norsk matjord.

I saldert budsjett for 2009 vart det avsett 80,5 mill kroner til forebygggjande og konfliktdempande tiltak rovvilt (FKT-midlar). I budsjettet for 2017 er det sett av 70 mill kroner. Frå 2010 skal desse midlane også dekka kostnader til kommunale jaktlag, kompetanseoppbygging og midlar til omstilling, i alt kr 30 mill. I ei tid med auka konfliktnivå rovvilt og husdyr, innskrenkingar i beiteretten til husdyrbønder og fokus på biologisk mangfald i kulturlandskapet knytt til internasjonale vernetraktatar, er summen til ordinære FKT-midlar dermed redusert til 40 mill kroner. Dette blir for svakt.


Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as