"Framtidsbonden" - sats på småbruk, geit og seter!

Åshild Dale og Jostein Sande har sidan 1983 dreve gard i Dale i Dalsbygda i Norddal kommune på indre Sunnmøre – med seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen har vore i familiens eige sidan 1700-talet.

Gardsbruket er såleis todelt, med gardstunet i Dale nede i bygda, 1,5 km frå fjorden, og setra i Herdalen 9 km oppe i dalen. Innmarka omfatter i alt 120 dekar, inkludert leigejord. Om lag halvparten av slåttearealet finn vi ved setra, om lag 520 m.o.h - Noko av innmarka er bratt og må haustast ved hjelp av tohjula slåmaskin og endatil ljå, men det meste er ”traktormark”. Setra og stordelen av arealet elles ligg innafor Geiranger- Herdalen landskapsvernområde, og dermed Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap.

Åshild og Jostein sto i spissen for vassdragsvernet, det vil seie at dei lukkast med å få elvane i Dalsbygda og Geiranger varig verna i Verneplan IV, og det er dette som dannar grunnlaget for at området har oppnådd verdsarvstatus! For sin naturverninnsatsen fekk Åshild i 2003 Rachel Carson-prisen.

Heilt avhengig av setra!

Gard og seter er som i tidlegare tider ein heilskap – både i matproduksjon og opplevings-turisme. Dyra er på setra frå midten av juni til slutten av september, og blir mjølka i eit fellesfjøs der det i dag er to buskapar. Frukthage, bær og grønsaksproduksjon og størstedelen av garden er omlagt til økologisk produksjon – Debio-godkjent, og reiselivsverksemda har økoturisme-godkjenning. Åshild og Jostein tok over ein buskap på 30 mjølkegeit, bygde nytt hus i 1982 og nytt fjøs i 1984. I 2011 bygde dei på og om fjøset, med 2 x 12 parallell mjølkestall, rullande forbrett, kraftforstasjonar – og i tillegg eit lite ysteri. I februar-mars skal dei 160 geitene kjea, og i løpet av laktasjonen produsere litt over 100 tonn mjølk, vel 70 tonn til Tine i Ørsta og resten til eiga foredling på garden og setra.

Skape nytt av gamalt

Åshild og Jostein er blant pionerane i den utviklinga som kom i gang på 1980-talet med å foredle eigne råvarer og satse på turisme knytt til gard - og seter. Og dei starta så tidleg med slikt at det  knapt var ”stovereint”, noko dei kan fortelje mykje om. Men med utgangspunkt i eit lite gardsbruk må ein tenkje nytt, og mottoet deira har vore ”gjere det enkle eksklusivt”, bruk gardens ressursar. Båe rosar Småbrukarlaget for å ha vore tidleg ute og svært viktig i utviklinga av større mangfald i landbruket, og Åshild satt i landstyret i NBS da denne omstillinga tok til for alvor. Ho var også med i departementet si arbeidsgruppe som førte fram til organisasjonen Norsk Gardsmat. (Gjekk sidan inn det som vart Hanen).

Åshild ve ei av dei gamle ostegrytene.

På same tida tok Åshild initiativ til eit toårig prosjekt som førte fram til skipinga av Norsk seterkultur i 1999 – www.seterkultur.no . Både Åshild og Jostein har gjennom åra hatt stort engasjement utanfor garden, i politikk og som medlemar i sentrale utval og tillitsvalde på fleire nivå i m.a. NBS, NSG, Tine og FK. I periodar har vel akkurat det gått ut over utviklinga av  gardsbruket, seier dei. – At dei har hatt trua på lokal foredling har forøvrig ikkje hindra dei i å stå på for fellesskapet, m.a. gjennom mangeårig samarbeid med Tine, særleg med profilering av eksportprodukt – og da særleg ”Snøfrisk” og brunost. Gjennom hektiske sommarmånader med masse gjestar, men også bl.a. på Grüne Woche i Berlin. Og Åshild hadde faktisk ein finger med i spelet da Snøfrisk-produksjonen vart lokalisert til Ørsta. Ja, mykje har handla om engasjement for geita og geitprodukta.  Åshild og Jostein er uroa over forslaga i landbruksmeldinga når det gjeld geita.

Internasjonalt

 Gardsdrifta er mangfaldig, og krev mange i arbeid: vanleg sommarhjelp både på garden og setra, dessutan praktikantar frå inn- og utland i kortare eller lengre periodar. Internasjonalt engasjement har ført til at Åshild og Jostein  m.a. har vore praksis-vertskap for fredskorpsarar frå  m.a. Namibia, Etiopia, Tanzania, Malawi, Uganda, Honduras, Nepal og Sri Lanka – gjennom Utviklingsfondets prosjekt ”Volonteers for sustainable development”. Sameleis praksisvertar for universitets-studentar frå mange europeiske land, og ikkje minst mange elevar frå ein landbruks- og naturbruksskule i Austerrike. Åshild og Jostein har såleis utvikla ein internasjonal møteplass med garden og setra som ramme.