Ingebjørg Kristense likar seg godt i fjøset med sauene. Foto: Aslak Øygarden

Framtidsbonden Ingebjørg Kristense Øygarden

Ingebjørg Kristense Øygarden er 22 år og har heile livet hatt hjarte for norsk landbruk. Dersom ho får overta familiegarden Hauge i Arabygdi i Vest-Telemark er det at dyra skal ha det bra som er hennar fremste prioritet.

Utsikt over Arabygdi og Totak, med Urbøurdi til høgre i biletet. Mellom bakkar og berg utved Totak. Telemarksgarden i Arabygdi i Vinje kommune ligg 700 meter over havet mellom fjell og ved vestenden av Totak. Garden er eit bureisingsbruk frå byrjinga av 1930-talet. Like ved det som truleg er Nord-Europas største steinur, Urbøuri, er det Ingebjørg Kristense har lyst til å slå seg ned. Ho elskar alt som lever og gror og ynskjer aller helst å drive med sauer som kan gå mykje ute blant høge fjell og djupe dalar. Som på fjellgardar flest, byrjar lamminga i slutten av april. Lamming er det beste Ingebjørg Kristense veit. «Det er slitsamt, men også spanande. Kombinasjonen av at det er meiningsfullt og gjev stor meistringsfølelse, gjer at det er verdt strevet og vakenettene.» Sauene beiter på grensa til Hardangervidda nasjonalpark frå byrjinga av juni til midten av september. I dag er det omkring 60 vinterfôra sau, av typen spæl og NKS på garden. Tidlegare var det fleire, men dei seinare åra har besetninga blitt redusera litt. Ingebjørg Kristense har lyst til å drive garden på fulltid. Utfordringa er å skape stor nok drift basert på avgrensa areal. Garden har omtrent 45 daa. dyrka innmark og 4500 daa utmark, så utmarka er ein viktig ressurs. I tillegg leiger dei 17 daa dyrka innmark av grannegarden. Foto: Aslak Øygarden

Jente i landbruket Ingebjørg Kristense er nummer fire i ein syskenflokk på fem, så ho har ikkje odelsrett. Likevel ser det ut til at det er ho som får sjansen til å overta. «Det har alltid vore eg som har hatt mest lyst til å drive og eg har hjelpt mest til i fjøset. Men det har ikkje vore noko press på å overta. Dette er mi avgjersle.» Men sjølv om ho alltid har vore interessera, er det ikkje alle aspekta ved gardslivet ho føler ho meistrar endå. Traktorkøyring for eksempel. «Det handlar litt om å vere jente» seier ho og tenker seg om «eg tør ikkje heilt. Er redd for å øydelegge noko når eg køyrer eller gjer noko feil. Det er viktig å få fram at eg har mykje å lære!» presiserer ho. Og ho trur kanskje jenter er meir opptekne av dette enn gutane. «Det er todelt. Eg alltid har vore mindre interessert i å køyre traktor enn brørne mine, men eg trur eg hadde hatt godt av å bli pusha litt meir. Fått fortalt at eg kan.» Foto: Aslak Øygarden

Engasjement, kunnskap og ambisjonar I tillegg til å ha ei festleg dialekt, har Ingebjørg Kristense mykje godt humør. Og ho er svært engasjert i landbruket. Ho sit no på sitt andre år i ungdomsutvalet i organisasjonen. «Eg har lyst til å påverke framtida for norsk landbruk. Spesielt er eg oppteken av at me skal ha landbruk over hele landet. Det er viktig at me nyttar dei ressursane me har.». Ho kan ikkje tenke seg noko anna liv enn det ho kan få i Arabygdi som sauebonde. «Det er variert arbeid med meining.». Ho meiner også at kunnskap i grunn er viktig. For tida går ho tredje og siste år på bachelorstudiet i husdyrvitskap ved NMBU. «Eg er spesielt oppteken av bruken av kraftfôr kontra grovfôr hos sau» seier Ingebjørg Kristense. No for tida skriv ho bacheloroppgåve som handlar om kva type sau som er mest effektiv dersom han skal greie seg på berre grovfôr og beiting. Ho anbefaler verkeleg andre framtidige bønder å ta landbruksutdanning. «Det gjev meg den nødvendige teoretiske tyngda, og det gjer arbeidet som bonde meir interessant. Eg har også veldig godt av å erfare og oppleve andre stadar enn berre heimbygda.» Men ho saknar sauene sine når ho er på Ås. Det er tydeleg at ho elskar dyra sine. Foto: Privat

Å gjere garden om til fulltidsbruk No vert garden driven av foreldra på deltid. Ingebjørg Kristense har mest lyst til å gjere garden ti