Knut Rød (markedsdirektør i Yara), Knut Fausko, juryleder Svein Kostveit og Astid Sudmann. Foto: Leonid Rødsten

Fausko skysstasjon vant Norsk Mat- og kulturpris!

Norsk Mat – og Kulturpris skal bidra til auka bevissthet om og fokus på det nære tilhøvet mellom lokal mat og kultur. Prisen er på kr. 100.000. Fausko Skysstasjon i Hemsedal er vinner av Norsk Mat- og Kulturpris 2014.

Folket på Fausko skysstasjon har gjennom mange år gått føre og vist veg. Ved å ta i bruk mangfaldet av dei ressursar som garden har og funne tilbake til bondens tradisjonelle rolle som gründar har dei fått til  verdiskaping i vid forstand.

Fausko er i dag eit kulturmøte, eit møte med fjellbondekulturen, fjellgarden, den tradisjonsrike gjestegarden, utmarka og stølane, mattradisjonane, og folkekulturen gjennom segn, historier og folkemusikk. Å gjera kultur til levebrød handlar også om å vera aktør i ei moderne tid, der det å vera kreativ er ein føresetnad for å overleva.

Før utdelingen av Norsk Mat- og Kulturpris delte også juryleiar Svein Kostveit ut ein såkornpris

Såkornprisen skal stimulere til nyskaping i skjæringspunktet mellom lokal mat og kultur.  Prisen er på kr. 25.000. Tjønnås økogard i Hjartdal er vinnar av Såkornprisen 2014.

Prisen går til ein familie på ein typisk telemarksgard.  Med utgangspunkt i den lokale kulturen og eit mangfald av garden sine mange ressursar, synleggjer dei det nære forholdet mellom lokalmat og kultur på ein framifrå måte. Med foredling og servering av eigne råvarer, musikk og overnattingstilbod i tradisjonelle laftehus gjev dei unike og ekte tilbod tufta på både tradisjon og nyskaping.

Norsk Mat- og Kulturpris er etablert av Norsk Bonde- og Småbrukarlag i samarbeid med Yara.

Kontakt