Landsmøtetalen til Arne Lofthus

Klare krav til jordbruksmeldinga

I si opningstale til eit rekordstort landsmøte i Norsk Bonde- og Småbrukarlag poengterte fungerande leiar Arne Lofthus at organisasjonen for fjerde år på rad har hatt ein auke i medlemstalet, noko som inspirerer til auka innsats og spissing av eigen politikk i det neste arbeidsåret. - Med tanke på tida me er i og motkreftene me opplever, er dette fantastisk, sa Arne Lofthus. – Norsk Bonde- og Småbrukarlag har klare krav til den komande jordbruksmeldinga og vi vil nytte høvet til å gje uttrykk for desse krava her i dag.

Arne Lofthus brukte ein stor del av tala til å kommentere utviklinga i jordbruket fram til i dag. Han konkluderte med at den utviklinga vi no ser ikkje vil gje oss eit landbruk som vil vera i stand til å auke sjølforsyningsgraden og elles fylle dei behova som den norske befolkninga vil ha til eigen matproduksjon utover mot 2050.

Dei viktigaste krava til ein framtidig og framsynt jordbrukspolitikk kan oppsummerast slik:

  • Matvaretryggleik og beredskap må vere eit overordna mål for jordbrukspolitikken
  • Meldinga må leggje til rette for eit jordbruk over heile landet og at alt areal vert drive vidare
  • Meldinga må innehalde klare krav om auka planteproduksjon med tanke på å auke sjølforsyningsgraden
  • Det vil vere eit klart krav at alle norske bønder- og småbrukarar skal ha inntekter og sosiale vilkår på linje med samanliknbare grupper i samfunnet og ut frå arbeidsinnsatsen i jordbruket
  • Investeringar og produksjon må vere knytt til arealgrunnlaget og garden sine ressursar
  • Eksisterande lovverk knytt til eigarskap til jord, til bruk av jord og matproduksjon skal hegnast om
  • Samvirkestyrde marknadsordningar må vidareførast

I tala kom Arne Lofthus og inn på rovviltforvaltinga og konfliktnivået mellom beitebrukarar og verneinteressar som diverre ikkje har vorte mindre. – Det er ei klart krav frå vår side at forvaltinga av rovdyrbestandene må bli betre slik at tilliten mellom beitebrukarar og forvaltingsapparatet kan gjenopprettast. Ansvaret for dette ligger hjå myndigheitene, sa Arne Lofthus.

 

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtetalen til Arne Lofthus
(landsmotetalen-til-arne-lofthus.pdf, 215kB)