NBS i høyring til Stortingsmelding nr. 11- Endring og Utvikling

Regjeringa si jordbruksmelding bryt med den forrige meldinga sine intensjonar for jordbruket, ved at kostnadseffektiv matproduksjon skal vera hovudmål, medan forrige melding hadde som fundament bærekraftig matproduksjon basert på nasjonale ressursar.

Næringskomiteen dengong vektla matproduksjon og fellesgoder som mattryggleik, busetnad, næringsliv over heile landet, og at miljøgoder som biologisk mangfald, kulturlandskap og landbruket som karbonlager skulle vera hovudmålet.
Visjonane om eit mulitifunksjonelt jordbruk over heile landet manglar i meldinga. Jordbruk og matproduksjon er omgjort til kortsiktig effektivitet og økonomi og skal sentraliserast til der det er best vilkår for matproduksjon. Norsk Bonde- og Småbrukarlag sin visjon for jordbruket i ei nær og vanskeleg tid er at matproduksjon og matpolitikk skal levera fellesgoder til nytte for heile samfunnet. Denne visjonen inneber at ansvaret for matpolitikken enno sterkare skal «tilbakeførast» til Stortinget ,slik H og FrP ordla seg i handteringa av forrige melding. Visjonane må vera slik som fleirtalsinnstillinga frå Næringskomiteen sa: at matproduksjonen skal aukast i takt med folketalsauken.
Inntektsjamstillinga i jordbruket mellom store og små gardsbruk har ikkje vore god. Jordbruksarealet er minkande, med kun 1,55 daa fulldyrka areal pr person , og har minka med 560.000 daa sidan 2005.(Budsjettn.) Produksjon og verdiskaping er sentralisert gjennom investerings- og verkemiddelbruk. Dette er vist gjennom rapportar.

Avtalesystem og inntekt
Regjeringa vil ha inntekt frå jordbruket ut frå rein lønsemd. Kostnad pr produsert eining blir for snever synsvinkel når inntekts-mogelegheiter i jordbruket skal vurderast. Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil oppretthalda forhandlingsinstituttet og føra vidare inntektsmålet for jordbruket . Regjeringa sitt ynskje om å fjerna målprisar og forenkla eller fjerna ordningar bidreg til å svekka inntektsmålet.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag bed Næringskomiteen vektleggja for Stortinget at jordbruksforhandlingane skal bidra til å jamna ut inntekter mellom bruksstorleikar, geografiske område og ulike produksjonar. Næringskomiteen må vidare hevda at avtaleverket skal bidra til utjamning av inntekt mellom jordbruket og samanliknbare grupper. Vår organisasjon vektlegg også til Næringskomiteen at samanlikning i inntektsutvikling må gjerast i kroner.

Auka produksjon på norske areal
Optimal utnytting av jordbruksarealet er avgjerande for auka matproduksjon i takt med folketalsauke . Dette inneber at alt areal blir teke i bruk til matproduksjon. Regjeringa sin vilje til å sikra grunnlaget for geografisk produksjonsfordeling må føra tilbake til differensiering og tak på verkemidlane til jordbruket. Korleis tilskota er innretta er avgjerande på jordbruksstrukturen . Mat frå grøntsektoren og eksempelvis storfe, som marknaden etterspør passar godt for ulike bruksstorleikar.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag bed med dette Næringskomiteen føreslå for Stortinget at det blir innført eit Driftsvansketilskot med miljøprofil som tek vare på matjordareal med klare driftsulemper i alle jordbruksområde i landet.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil at Stortinget vedtek auka sjølvforsyningsgrad korrigert for import av fòr som resultatmål for norsk matproduksjon på norske areal. Me oppmodar også komiteen å be Stortinget gjera vedtak om avgrensing i utbetaling av tilskot pr bruk.

Forenkling
Forenkling av jordbruksavtalen og verkemiddelbruken har vore eit viktig mål for regjeringa. Faktiske forenklingar som kjem bonden og forvaltingsapparatet til gode kan verka fornuftige, men motivet om å spara pengar, og også diverre jamna ut og fjerna strukturdifferensiering i tilskota er Norsk Bonde- og Småbrukarlag sterkt usamd i . Vår organisasjon vil vurdera alle forenklings-framlegg på fritt grunnlag.
Å fjerna avløysarordninga til ferie/fritid og tidlegpensjon er ikkje reelle forenklingsframlegg, men får stor omfordelingsmessig effekt mellom produksjonar og ikkje minst mellom bruksstorleikar. Avløysarordninga har stor betydning for rekruttering. Forslaga må avvisast. Sosiale ordningar til matprodusentar må tvert om styrkjast.

Marknadsordningar-marknadsballansering
Regjeringa går til angrep på marknadsordningane for jordbruksprodukt med grunngjeving i eit 85 år gammalt system utan endringar. Dette er ikkje rett. Ordningane har vore modernisert og tilpassa endringar i samfunnet og den øvrige jordbrukspolitikken.
Marknadsordningane er til for å redusera risiko for bonden, sikra avsetting for produksjonen til avtalt pris , og sikra forbrukaren nok, trygg mat. Resultatet av regjeringa sine framlegg vil gje ytterlegare maktforskyving i verdikjeda i retning av daglegvarekjedene. Dette er uakseptabelt. Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil vidareføra samvirkebaserte marknadsordningar for korn, egg, og geitmjølk, og vidareføra målpris på gris, samt vidareføra marknadsordningar for poteter og eple. Ein samla kornbransje er samde om vidareføring av marknadsordningane idag. Dermed framstår regjeringa sine framlegg som ideologisk motiverte.Me viser til innspel frå samvirkeorganisasjonane. Evt. endringar av mjølkeregionar i framtida må styrkja mjølkesektoren på alle bruksstorleikar i alle deler av landet. Norsk Bonde- og Småbrukarlag går imot geografisk og tidsavgrensa oppkjøpsordning for geitmjølkkvotar. Stortinget bør sjå på strukturen innan geitehaldet, der 900.000 liter pr bruk i maxkvote verkar meiningslaust.

Rekruttering, utdanning og kompetanseheving
Ei god inntektsutvikling for alle i jordbruket er avgjerande for rekrutteringa og likestillingsarbeidet.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag støttar opp om ein god modell for vaksenopplæring innan agronomutdanninga. Når det gjeld myndigheitsbestemt krav til kompetanse for næringsutøvarar i jordbruket må dette utgreiast, og det må takast stort omsyn til realkompetanse hjå jordbruksutøvar. Matproduksjon i framtida med endra og utfordrande klimatilhøve, og strenge miljøkrav til produksjonen , vil krevja kunnskap hjå dei som vel å bli bønder.

Investeringsverkemidlar
Norsk Bonde- og Småbrukarlag oppmodar Næringskomiteen til styrkja dei regionale Partnerskapa i å utforma regelverk og føringar for bruken av bedriftsretta investeringsmidlar.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag hevdar at dei regionale Partnarskapa kan vera gode reidskapar i å vidareutvikla jordbruket i fylka som opplever nedgang og sentralisering i sitt jordbruk, og det gjeld mange fylke. Vår organisasjon vil at jordbruket , gjennom Partnarskapet, må få ei sterkare hand om investeringsmidlane tildelt gjennom jordbruksavtalen. Gjennom investeringspolitikken har Stortinget høve til å styra at også små og mellomstore gardsbruk får del i samfunnet sine pengar til vedlikehald og fornying utan produksjonsauke. Krav om produksjonsauke er øydeleggjande for jordbruksstrukturen.

Beiteordningar
Målet med tilskotsordningane til beiting må vera å ta omsyn til dyrevelferd, utnytta fòrressursar, halda kulturlandskapet ope, og la beitande dyr væra synlege for ålmenta. Stadig oftare er biologisk mangfald knytt til beitelandskapet. Det trengs både lovverk og økonomiske verkemidlar for å oppnå tilsikta mål. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner tilskota til beiteordningar må aukast i kombinasjon med at konkurransetilhøvet for grovfòr frå beitearealet blir styrka i høve til innkjøpt kraftfor. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner vidare at satsane pr beitedyr på utmarksbeite må aukast, og for innmarksbeite som ikkje haustast maskinelt må beitefaktoren aukast frå 0,6 til 0,8. Eksisterande krav til beitetid for ulike ordningar vidareførast.

Miljø og klima
Frå 1980 talet har jordbruket langt på veg lukkast i å redusera punktutslepp, ureining av næringsstoff frå jordbruket og erosjon frå einsidig kornproduksjon . Miljøgevinsten har vore stor, og den gong stillte staten med miljøpengar. I dag er skadelege klimagassutslepp frå jordbruksproduksjon problemet, og staten vil ikkje ta sine forpliktingar sjølv om meldinga absolutt ikkje svarar på klimautfordringane i jordbruket.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil at dreneringstilskot som avspeglar faktiske kostnader i alle jordbruksområde, aktiv beiting og metodar for auka karbonlagring i jord må gjennomførast.I tillegg er kampen mot matsvinn viktig i klimasamanheng. Fleire alternative energikjelder må fasast inn etter som oljealderen er på hell. Elektrifisering av maskinparken i jordbruket er mogeleg.
Viktige næringsstoff (som fosfor og nitrogen) på avveier kjem lett i skuggen av iveren etter å redusera klimagassar frå jordbruket. Ein konsentrasjon av husdyrproduksjonane samsvarar ofte lite med arealet i mange jordbruksområde. Auka drivstoff-forbruk under transport av overflødig husdyrgjødsel, eller for mykje husdyrgjødsel på dei næraste areala i strid med spreiearealmåla blir resultatet. I klimasamanheng er produksjonsmåten viktig.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil at samfunnet prioriterer meir midlar til forsking og utviklingstiltak for jordbruket i klima- og miljøsamanheng.

Økologisk produksjon og forbruk
I jordbruksmeldinga blir det sagt at økologisk jordbruk har ein spydspissfunksjon i høve konvensjonelt jordbruk for å minska miljø- og klimaavtrykk.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag støttar dette. Vår organisasjon krev at målsettinga om 15% økologisk jordbruk vert oppretthalde for å flytta det konvensjonelle jordbruket i meir økologiserande retning. Innan mi eiga næringsgrein har dette ført til at insektmidlane i norsk fruktproduksjon er nærast borte. Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil at landslinja for økologisk utdanning i Aurland får enno sterkare nasjonalt fokus gjennom Stortingsvedtak om ekstra løyvingar.

Forvaltingssystem produksjons- og avløysartilskot.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil beda Næringskomiteen tilrå over for Stortinget at 1.linje forvaltingmodellen som idag vert vidareført og utvikla med nok tilførte midlar og kompetanse.