Skyttergravskrig på den nye Stortingsmeldinga?

Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje særleg interessert i å gå i skyttargravene omkring den nye meldinga for jordbruket. Ein slik stillingskrig med regjeringa på det som no er kome som framlegg til nasjonal jordbrukspolitikk for dei neste åra, er nærast bortkasta. I meldinga låg som forventa enno meir av den liberalismen som har som resultat meir fokus på volum, konkurranse, effektivitet, produksjon der denne er billegast og angrep på marknadsordningar. I tillegg skal hardt tilkjempa sosiale ordningar for bøndene fjernast.

Våre mål for arbeidet vidare er målretta mot alle dei andre partia på Stortinget som ikkje står bak ein slik jordbrukspolitikk som regjeringa Solberg no fremjar, og forbrukarane som skal eta maten me bønder skal produsera. Meldinga kan etter vår meining også gå under namnet «eskalering av utviklinga» då det ikkje kan vera tvil om at alle tiltaka som er føreslegne i sum vil forsterka sentraliseringa som har vore og som skjer no.
Det er lett å gå seg vill i stammespråkbruk når ein diskuterer jordbrukspolitikk, og dette er jordbruket sjølv ekspert i. Dersom me ser litt utforbi mjølkeregionsoner, kraftforprosent og kanaliseringspolitikk, vil me truleg sjå at jordbruks- og matpolitikk eigentleg dreier ser om bruk av jord og korleis maten vår skal produserast- og om heile landet skal ta del i matproduksjonen.
Det er på desse enkle spørsmåla me kan utfordra og informera forbrukarar og i neste omgang dei som har politisk vilje og makt i landet vårt. Å gå andre vegen om det politiske miljøet fyrst har vist seg å vera vanskeleg og ofte lite fruktbart.

Forbrukarvenleg matproduksjon.
Når me freistar å setja forbrukarane fyrst i vår alliansebyggjing for ein sunnare, tryggare og meir miljø- og klimavenleg matproduksjon er det utfrå den enorme støtte norsk jordbruk har i befolkinga.
Denne støtta er lite relatert til kostnadseffektiv matproduksjon, store dyretal i utakt med arealgrunnlaget, einsidig matproduksjon og produksjonsmåtar som klart utfordrar folk si oppfatning av god dyrevelferd. Folket si støtte til norsk matproduksjon er knytt til produksjonsmåter som framhevar nærleiken til bygda og landskapet, til dyr som viser trivsel og til bonden som steller godt med dyra sine. Støtta er og knytt til mat som er produsert med minimal bruk av plantevernmiddel og der gjødselbruken ikkje skadar vassdrag og jord.
Når forbrukarane skjønar at matjorda vår er i fare utfrå måten me handsamar den på under prosessen med å produsera mat, bør det ringja varselsklokker. Allereide i dag er omlag 33% av matjorda i verda så skada av forørkning, forsalting, forgifting, erosjon og for mykje/for lite vatn at matproduksjon er vanskeleg eller umogeleg. Det moderne jordbruket har bidrege til dette. Det er ikkje akseptabelt at denne utviklinga skal skje i vår tid med kunnskapen om matjorda me har no. Forbrukarane må sjå at samanhengen mellom sunn, trygg mat og nok mat og fagleg godt stell av matjorda vår er det viktigaste. Mykje viktigare enn billegast mogeleg mat som uansett aldri kan konkurrera med det billegaste som kan importerast.

Miljø og klima.
Maskinbruken i norsk jordbruk må vera kollosalt i utakt med reultatet frå matproduksjonen vår. Storleiken på maskinparken er i alle fall i utakt med matjorda vår.
Det er lite som tyder på at små, smarte maskinar dominerer utstyrsparken. Det er gigantonomien som dominerer maskinparken på gardsbruka våre. Dersom jordbruket skal vera fossilfritt om 14 år frå no, bør det kanskje bli aktuelt å «elektrifisera» motorkrafta som skal dra jordarbeidande reidskapar og grashausteutstyret.
Klimautfordringane på kloden tilseier at dersom Noreg skal ta sin del av klimagassreduksjonane på alvor må denne jordbruksmeldinga skrotast. Den har ingen gode svar på dei utfordringane som Noreg er forplikta til gjennom internasjonale avtalar. Meir pengar til forsking er bra, meir bruk av beitelandskapet vårt er og bra, men bortsett frå nokre positive moment er meldinga ei eskalering av farten på ei dårleg utvikling for jordbruket vårt som har vara for lenge, og som må stoppast. Dersom me ikkje klarar å stoppa utviklinga slik den er no vil jordbruket vårt halda fram med å bli enno meir avhengig av importerte innsatsfaktorar i matproduksjonen, bli meir sentralisert, meir forgjelda og matproduksjonen blir fjerna frå det som er forbrukarane sin oppfatning av god og trygg matproduksjon.
I framtida vil samfunnet vårt måtta prioritera areal framfor produksjon, og dersom ynskjemålet om matproduksjon over heile landet skal ha verdi, må det mest vanskelegstillte arealet ha mest drahjelp frå samfunnet. Dermed er auka matproduksjon i tråd med folketalsutviklinga mogeleg på norske ressursar. Å bli enno meir avhengig av matjordareal i andre land er ikkje akseptabelt. I ein endra jordbrukspolitikk der arealet uansett bør vera i fokus, er det lite sannsynleg at vårt beste jordbruksareal vil gå ut av produksjon.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at jordbruket må få fyllt opp verktykassa, altså meir budsjettpengar, slik at ein får verkemidlar til å ta vare på alt jordbruksareal. Tiltrua til norske bønder er såpass stor at bekymringa for framtidig matproduksjon utfrå dette ikkje burde vera til stades.

Gått ut på dato?
Det er ei veldig merksemd på rein, trygg mat , som er fri for sjukdomsbakteriar og som gjev forbrukaren kjensla av å vera sunn mat. Denne maten må setjast i samanheng med produksjonsmåten. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at samfunnet har alt å vinna på å prioritera produksjonsmåtar som verkeleg har dyrehelse, plantehelse, folkehelse og matjordhelse som viktigaste krav til framtidig matproduksjon, og som tillet matproduksjon over absolutt heile landet. Jordbruksmeldinga til regjeringa Solberg vil aldri kunna oppfylla desse krava fordi prioriteringane i meldinga er tufta på rein økonomi, handel og konkurranse og vidare sentralisering av matproduksjonen. Meldinga er med andre ord gått ut på dato før den er handsama av Stortinget.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner vidare at jordbruket sjølv har eit stort ansvar for å staka ut vegen for gode produksjonsmåtar. Eit samla jordbruk må stå opp for dei gode produksjonsmåtane og felles kamp for marknadsordningar som gjeld norsk matproduksjon. Ein travel vinter og vår står framfor oss med jordbruksmelding og jordbruksforhandlingar.

Arne Lofthus
Fungerande leiar
Norsk Bonde- og Småbrukarlag