Oppland Bonde- og Småbrukarlag

JORDBRUKSAVTALA. Eit steg i riktig retning!

All honnør til vårt eige forhandlingsutval og ei samla jordbruksnæring, som fekk gjennomslag på ei rekkje viktige punkt! Forhandlingsresultatet må ikkje bli ei kvilepute, men ein ytterlegare inspirasjon til arbeidet med å halde følgjande målsetjing på den politiske dagsorden: 

BRUK AV JORD OG PRODUKSJON AV MAT OVER HEILE LANDET!

Jordbruket og staten kom onsdag 16. mai fram til ei avtale på 1.100 millionar kroner. Dette er ein auke på 100 millionar sett i høve til det opprinnelege tilbodet frå staten. Den endelege budsjettramma er på 770 millionar kroner. Øvrige midlar blir finansiert ved 198 millionar kroner i auka marknadsprisar, 70 millionar i ledige midlar frå forrige avtale, samt ein inntektsverdi på 62 millionar kroner frå jordbruksfrådraget.

Avtala gjev grunnlag for ein inntektsauke på kr 14.500 kroner pr. årsverk i jordbruket. Til samanlikning var kravet frå jordbruket kr 19.300 pr. årsverk. Overproduksjon på fleire område gav ikkje rom for ein ytterlegare auke.

Det er særleg fire område vi bør merke oss, der Norsk Bonde- og Småbrukarlag får gjennomslag for sitt verdigrunnlag og fagpolitiske tilnærming:

1) Strukturtilskotet, med ein sats på kr 1.400 pr. ku opp til 23 kyr. Deretter skjer ei nedtrapping av totaltilskotet med ein sats på kr 1.150 fram til og med ku nr. 50. Føretak med meir enn 50 kyr kjem ikkje med i den nye tilskotsordninga. Føresetnaden for mottakinga av tilskotet er minimum seks kyr på det aktuelle bruket. Strukturtilskotet kan bidra til auka lønnsemd på dei små og mellomstore bruka, med tilhøyrande drift og produksjon på viktige jordbruksareal.

2) Botnfrådraget blir ikkje endra. Staten fekk ikkje gjennomslag for sitt ynskje om ein auke frå noverande kr 6.000 til kr 8.000. Vedtaket er såleis i tråd med stortingsfleirtalet, som går for ei kronebasert utjamning av inntektsgapet til andre yrkesgrupper.

3) Overproduksjon av gris og sau/lam har vore eit gjennomgangstema i forhandlingane. Partane vart einige om at det ikkje skal brukast offentlege midlar til investeringar i nye sauefjøs i 2019. For å regulere ned talet på fødde smågrisar, vil det bli starta utgreiingar av tiltak med produksjonsavgrensande føremål. Dette gjeld særleg veksten i purker med eingongsproduksjon. 

 4) Setertilskotet blir vidareført gjennom RMP-midlar, og er eit viktig bidrag til å oppretthalde seterdrift med aktiv beitebruk, artsmangfald og skjøtsel av verdifulle kulturlandskap.

Trond Klaape                                                                

Fylkesleiar i Oppland Bonde- og Småbrukarlag

Tlf.: 412 13 168


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as