Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Frå venstre: Olav Einan, Anders Felde, Torgeir Knag Fylkesnes, Arne Øverås, Claus Rumohr Moe.

SV sin næringspolitiske talsperson til Hafslo

Torgeir Knag Fylkesnes besøkte onsdag 20. juni Hafslo der tema var: Landbruk, klima, rovvilt, beitebruk, små og mellomstore bruk.

Torgeir Knag FylkesnesPå møte var også  leiar i Sogn og Fjordane SV Vibeke Johnsen, Olav Harald Alme, Luster Bonde- og småbrukarlag. Frå Sogn og Fjordane Bondelag møtte fylkesleiar Anders Felde og organisasjonsjef Merete Støfring. Claus Rumohr Moe - bonde og leiar av Hafslo Bondelag, Arne Øverås - leiar i Skjolden beitelag og bonde i Skjolden, og Olav Einan - sauebonde på Hafslo.

Me starta med ein arbeidslunsj på Eikum Hotel, Hafslo, der tema under lunsjen var rovvilt. Arne Øverås snakka om rovilt og då spesielt jerven.

Vestlandet skal vera fritt for dei store rovdyra. Region 1 (Vestlandet) skal vera eit beiteprioritert område, men grensar opp til ei yngelesone i Gudbrandsdalen. DNA frå dyra i denne sona viser at det årleg innvandrar ca 6 dyr  til den beiteprioriterte sona. DNA viser at jerven trekker vestover og sørover etter Langfjella. Jerv som er registrert på Hardangervidda og heilt sørover til sauebeita i Rogaland / VestAgder visar DNA at dei har innvandra i regionen Indre Sogn og spredd seg utover.

Grensa for beiteprioritert sone og yngelsone går i dag midt oppe i høgfjellet, jerven ser ikkje den grensa og er heller ikkje serleg god til å lesa reglane i dei forskjellege sonene. Å ta ut jerv på lisensjakt har også vist seg å vera svært vanskeleg inne i desse fjellområda. SNO tek årleg ut med helikopterjakt fleire av desse invandra dyra og også nokre dyr som har etablert seg her med yngling.  Ved å flytta grensa mellom beitesona og ynglesona noko austover, til sjølve dalføret i Gudbrandsdalen, viser rapportar frå andre stadar at dei stor rovdyra nødig kryssar eit slikt dalføre. Ein ville då unngått ein stor del av denne innvandringa, spesielt av jerv, til den beiteprioriterte sona. Dette vil då medføre at den sona det skal vera rovdyr i blir noko mindre og ein får her ein tettare bestand av rovdyr. Dette betyr igjen eit større press mot beitedyra i den regionen, og det er heller ikkje så veldig interessant for dei som dette råkar.

Det er styra for dei aktuelle regionane som set grensene, men me i bondeorganisasjonane ser det som svært viktig å infomera stortingspolitikarane om dei følgjene det får med ei slik grensesetjing. For oss som er i den sona som skal vera beiteprioritert er det svært viktig at grensene blir sette slik at det er effektivt, spesielt då mot jerven.

Gardsbesøk hos Olav Einan

Tema: Sau, drift i bratt areal - klimatilpassing små og mellomstore bruk.

Olav Einan driv i dag som heiltidsbonde med ca 170 vinterfora sauer. Fjøset er bygd i to etappar dei siste 10-12 åra og er ei opa løysing med ein eteplass og kraftforautmat. Kraftfor vart kun brukt i ein kort periode fram mot paring på hausten og til dei av søyene som trengde noko ekstra fram mot lamming og like etterpå. For å få nok plass under og like etter lamming tok han i bruk også nokre andre enkle bygningar til dyra, fram til det var høveleg å sleppe dei på beite. I år har Olav Einan også planta ut ca 4 da med jordebær, dette for å styrka inntektsgrunnlaget på garden. Sauehaldet har, som dei fleste kjenner til, svekka seg betydeleg økonomisk dei siste åra, og då er det viktig å nytta andre mulegheiter jorda på gardenkan brukast til, t.d. til å produsera noko som kan etast og gjeva inntekt ved sal.  

Elles var me også inne på tema om drift i bratt areal og tilpassing i høve til dei klimautfordringane me har. I fjor regna me bort, det skapte store utfordringar med å hausta foret med det utstyret ein vanlegvis brukar. Traktoren og det øvrige hausteutstyuret vart for tungt og stort på dei blaute markene og sleipe bakkane. I år kan ein hauste over alt med det utstyret ein har tilgjengeleg, men for mange har det vore svært lite å hauste på, og ein vonar at ein får ein høveleg andreslått som kan berga formengda fram for vinteren. Dette med å tilpassa hausteutstyret og maskinparken til å takla desse to ytterpunkta  blir ein utfordring for mange gardsbruk . Det er spesielt dei med mykje bratt lende og dårleg drenert myr som kjem til å slita.         

Eit anna tema var spreiing av husdyrgjødsel og då spesielt i bratt terreng. Nokre få har jorda si lageleg for å bruka slangespredar og har då høve til å få  gjødsla ut når været er høveleg og til rett tid i vekstsesongen. Dei aller fleste har det ikkje slik, mange små lappar spredd utover og dårlege driftsvegar er vel heller regelen enn unntaket for dei fleste. Små tankvogner og mykje køyring .   I bratta er det når sola skin på sitt besta at det er tørt nok til å komma utpå, på ein nokonlunde sikker måte. Ikkje ideelt med tanke på å utnytta næringsstoffa i gjødslen, men slik er det, gjødslen må ut…

Besøk på fellesstølen på Bersetno på Hafslo
der Claus Rumohr Moe har dyra sine

Tema: Beitebruk i utmark, storfe , utanlandsk arbeidskraft, kulturlandskap

Me tok og opp tema som investeringar på små og mellomstore bruk og luftekrav heile året for storfe.

Første stopp her var på Rupheim, eit inngjerda område på ca 100 da som i gamal tid var slåtteteig, men etter 1950 har blitt brukt til beite. Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt registreringar på artsmangfaldet på dette kulturbeitet og funne svært mange sjeldne planter som kun veks der beitinga er intensiv. Dette framhevar kor viktige beitedyra er for artsmangfaldet i naturen  og då spesielt i utmarka. Ein fekk også vist fram kor utmarka gror att med skog når beitedyra forsvinn, då forsvinn og mykje av kulturlanskapet som denne beitinga gjennom fleire hundre år har skapt.

Eit stopp på fellestølen der 5 brukarar har felles drift om sommaren, normalår er der drift på stølen frå 5. juni til 15. september. Som budeier har dei eit ektepar frå Kviterussland som har vore der i mange år og som dei er svært fornøgde med.

Investeringar på små og mellomstore bruk og disponeringar av rammeløyvingane til Innovasjon Norge   Dette med disponering av rammeløyvingane er, så vidt eg kjenner til, det delte meiningar om i Småbrukarlaget. Det går enkelt ut på at om ein skal spre denne løyvinga utover på alle som skal investera i driftsbygningar, eller ein skal prioritera. Sprer ein midlane så er det nok mange med dårleg eigenkapital som får vanskar med å finansiera ei bruksutbygging, og kansje mest på dei små bruka som ikkje har ressursar frå før. Dette er eit tema som lokallaga bør ta opp og snakka om å senda ei tilbakemelding til fylkesleiinga, slik at ein kan få avklart dette spørsmålet i Småbrukarlaget.

Det siste me tok opp var luftekravet heile året for mjølkekyr på båsfjøs frå 2024  Dei aller fleste som har kyr på bås har i dag ikkje problem med å få dyra ut på beite i sommarhalvåret og mange har dei ute frå slutten av april til ut i september/oktober uten at det skaper dei heilt store driftmessige problema. Skal dei derimot ut på vinterstid, så er det for oss som bur litt inne i landet og har mellom 10 – 25 kyr, ikkje noko å satsa på, då blir det kort og godt slutt for dei fleste. Det er ein ting å fantasera om det ideelle men ein heilt annan ting å leva med slike krav i verklegheita og ikkje minst bruka tid å ressursar på å kunna gjenomføra. Sjølvsagt er det delte meiningar om dette i Småbrukarlaget, men ein kjenner vel best til kor skoen trykkjer den som har skoen på.


Olav Harald Alme
Leiar i Luster Bonde- og Småbrukarlag




Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as