Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Tydelege skader i Fortunsdalen i samband med flaumen. Foto: Olav Harald Alme

Flaum i Indre Sogn

Leiar i Luster BS, Olav Harald Alme tok ein tur innover i kommunen tysdag 16. oktober, for med sjølvsyn sjå på dei herjingane flaumen hadde utretta. 

Det er spesielt to dalføre som fekk merka det denne gangen; Mørkridsdalen, som går frå Skjolden og frametter, og Fortunsdalen som er dalføret innover frå Fortun. Veitastrand i den andre enden av kommunen er også råka av flaum, men her er det ikkje så store skader sjølv om nokre hus har fått vatn i kjellaren. Ein god del av skadene i Fortunsdalen kunne vore unngådde om dei regulerte vatna oppe i nedslagsfeltet hadde vorte nedtappa noko i forkant. Det samme gjeld for skadene på Veitastrond. Sjølv om det var meldt om mykje nedbør og høg tempratur høgt til fjells i helga hadde ikkje Sognekraft starta med nedtapping på fredag kveld, det såg eg med sjølvsyn. Både Veitastrandsvatnet og Hafslovatnet var på fredag på høgde med høgste nivå Sognekraft har lov til. Eg synes at Statkraft og Sognekraft bør få ein del av regkninga på dei skadene som kom som følge av flaumen.

Frå flaumen i Indre SognFrå flaumen i Indre Sogn

På turen i dag fekk eg berre tid til å besøka Fortunsdalen. Eg tok turen innom Torkjell Sollesnes, ein av våre medlemar, og snakka litt om det som hadde hendt og korleis status var der. Torkjell var eigaren av den fjøsen, med dei mykje omtala geitene ,som vassmassane drog med seg ca 50 m.

Dei har vore innestengde fram til i dag, tysdag. Naboen deira var dei som vart evakuerte i båt, noko som også er mykje omtala i media.

 
Frå flaumen i Indre SognFrå flaumen i Indre Sogn
 

Sonen til Torkjell og ein til var i full gang med å få vegen fram til garden køyrbar med hjelp av traktor og gravemaskin. Dei hadde ikkje mista noko for, men det var store skader på enga og ein del av beitet. 

 

I Frå flaumen i Indre Sogndei to dalføra har det vorte øydelagt omlag 500 rundballar, som flaumen drog med seg. Det er muleg noko kan bergast, men det meste er nok øydelagt.

Det er fleire ting her som er/blir vanskeleg. Dei fleste har ikkje meir en akkurat med grovfor etter tørkesommaren, det gjeld i begge dalføra, og det er heller ikkje rundballar å få kjøpt nokon stad i år. Det neste blir arbeid med å få istandsetja alle dei slåttemarkene som er gravd vekk eller fylt med stein og grus. Dei som sleit med tørken i sommar fekk no foret sitt øydelagt av flaumen,  og som takk,  oppatt på alt,  får dei eit fæla strev med å skaffa seg for til neste år. Ein skal ha ei sterk helse den som skal streva med jorda.

Olav Harald Alme
Leiar Luster BS


Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as