Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Styret 2018. Frå venstre nyvald nestleiar Margaret Skåre (Stryn BS), Atle Løvland (Gloppen BS), Ivar Slinde (Sogndal og Leikanger BS), leiar Brit Inger Skaar (Hyllestad BS) og fylkessekretær Marit Milde (Førde BS). Styremedlem Rune Nydal (Førde BS) var ikkje tul stades. Foto: Gunnar-Arne Haaland

FYLKESÅRSMØTE 2018

Helga 17-18. mars 2018 avheldt Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag sitt fylkesårsmøte. Her møtte over 20 utsendingar frå heile fylket. Tradisjonen tru var Hordaland BS også representerte med over 20 utsendingar frå lokallaga i Hordaland.

Laurdagen var det strålande vinterver med sol frå skyfri blå himmel over den idylliske bygda Balestrand, og Kviknes Hotel hadde opna dørene for Småbrukarlaget denne helga. Vi starta fellesmøtet med presentasjon av NBS sitt lokalmat-prosjekt Matnyttig, og Dag Kyrre Lygre frå Midthordaland BS heldt ein framifrå presentasjon av dette prosjektet samt den nye REKO-satsinga til NBS.

Deretter følgde Torstein Kollevåg frå Gloppen BS opp med sin flotte presentasjon av korleis han har løfta fram geit og kjekjøt til folket, og fått bøndene i Kandal i Gloppen med på prosjektet “Rettferdig betaling til bonden”. Slike positive medlemmar treng Småbrukarlaget også!

Grete Helle Kløvtveit, nyinnmeld i Hyllestad BS, snakka så om Fjord Gardsmat si satsing på lokalmat og små leverandørar. Dei er også Debiogodkjende og har fokus på allergivenleg lokalmat.

Etter pausen var Merete Furuberg på plass og heldt eit strålande innlegg der Jordbruksforhandlingane 2018 var tema. Bruk av norsk jord og matsikkerheit var to av dei viktige sakene ho la vekt på. Som alltid framstår ho entusiastisk og klar i sin tale.

Sp var deretter representerte ved Steinar Ness, som var innom tema som rausheit, tillit og fellesskap - og ikkje minst sjølvforsyning.

Colage ArsmoteTorstein Kollevåg

Laurdags kvelden var det festmiddag med tilhøyrande felespel av Arne Sølvberg frå Stryn BS.

Søndag 18. mars avheldt fylkeslaga sine respektive årsmøte. Brit Inger Skaar - Hyllestad BS, blei gjenvald som leiar. Ut av fylkesstyret gjekk Rune Bruvoll, Eid BS, han blei erstatta av Margaret Skåre frå Stryn BS. Elles var det som før: Atle Løvland, Ivar Slinde. Rune Nydal var ikkje til stades grunna helsemessige årsaker.



Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as