Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Frå venstre: Leiar Brit Inger Skaar - Hyllestad BS, Marit Milde – Fylkessekretær, Eli Berge Ness – Gaular BS og varaordførar NBS, Anne Kristin Moe – Gloppen BS, Arne Sølvberg – leiar i Stryn BS, som også opna Landsmøtet både laurdag og søndag med fele- og fløytespel, og Siri Helle – Utsending frå Naustdal BS og nyvald leiar i Kvinneutvalet i NBS sentralt. Bak står Håvard Larsen – Ungdomsutsending SFBS, Jarle Martin Håland – leiar Høyanger BS og Rune Bruvoll – leiar Eid BS og styremedlem SFBS. Rune Nydal – Førde BS og styremedlem SFBS var fotograf. Foto: Rune Nydal

Landsmøte i Norsk Bonde- og Småbrukarlag 2017

Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjekk av stabelen på Gardermoen 4. og 5. november. Der blei Merete Furuberg attvald som leiar. Furuberg blei første gong vald til leiar i 2010.Ny politisk nestleiar er Elin Bergerud fra Buskerud og ny organisatorisk nestleiar Ragnhild Bergset Elvestad frå Troms.

I landsmøtetalen fokuserte Furuberg m.a. på politikkutvikling og behovet for ein ny politikk i høve til den blå-blå regjeringa som hovudoppgave i det kommande året:

- Norsk Bonde- og Småbrukarlag skal gå foran i å finne de gode løsningene for at jordbruket i Norge skal komme ut av den situasjonen vi nå er i. Dagens førende jordbrukspolitikk bringer oss i feil retning: Vi får færre bønder og mindre matjord i drift. Import av mat og fôrråvarer øker. Norge gror igjen. Det er behov for å skape en ny og bedre jordbrukspolitikk. - Jordbrukspolitikken skal stimulere til økt bruk av jord og bedre agronomi - og til økt bruk av tilgjengelige beitearealer. NBS skal utvikle en jordbrukspolitikk der man har kontroll med produksjonsmåte og produksjonsmengde. Jordbrukspolitikkens virkemidler må stemme overens med målene; høyest mulig selvforsyning, matmangfold og mat med god kvalitet - og et jordbrukslandskap som opererer i samspill med tilliggende næringsliv - sier Furuberg.

Sogn og Fjordane var representert med fleire utsendingar på landsmøtet, og fleire av dei var på talarstolen og heldt innlegg.

Sølvberg på fele LM17

Begge møtedagane vart opna med musikkinnslag av Arne Sølvberg, første dag på fele og andre dag på seljefløyte.

Frå Landsmøtesalen 2017

Delar av Sogn og Fjordane-benken; Arne Sølvberg, Siri Helle, Jarle Martin Håland, Brit Inger Skaar, Anne Kristin Moe, Rune Nydal, Rune Bruvoll og Håvard Larsen.

Bilde av standBilde av standBilde av stand

På Landsmøtet hadde Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag stand med lokale produkt. Foto: Marit Milde



Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as