Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Oppstart. Rebekka Bond frå Matnyttig-prosjektet. Foto: Gunnar-Arne Haaland

REKO I VINDEN

Laurdag 9. juni var det oppstartsmøte for REKO i Sogn og Fjordane. Rebekka Bond, leiar i Matnyttigprosjektet til NBS, kom for å informere og vere med på å sparke det heile i gong.

RekomøteOmlag 20 personar, mesteparten produsentar, men også andre interesserte, var møtt fram til oppstartsmøtet, som vart halde på Førde Hotel. Marit Milde, fylkessekretær i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, ønskte alle velkommen og gav så vidare ordet til Rebekka Bond. 

Bond orienterte om Reko, korleis det oppstod i Finland i 2013, vidare til Sverige, og i 2017 til Norge, der det breiar om seg som ei bølgje over heile landet. 

REKO står for rettferdig konsum, og har til hensikt å hjelpe lokale bønder å marknadsføre og selge sine produkt direkte til forbrukar. Dette føregår via facebook, der produsentane reklamerer for sine varer og forbrukarane kan gå inn og førehandsbestille varene dei ynskjer å kjøpe.

Det var anbefalt å ikkje utsette oppstarten for lenge, og dermed vart det besemt at "torsdag om 14 dagar blir første utlevering". Første levering i Førde og ei veke seinare i Florø. Det blir utlevering i Førde og Florø annankvar torsdag.

 Rekomøte      Rekomøte

Reko fekk god omtale i lokalavisene, Firda og Firdaposten. 

I dag, tre veker etter oppstartsmøtet, har Reko-ringen Førde 2419 medlemmar og Reko Florø har 1267 medlemmer på Facebook.

Tilbakemeldingane frå produsentane som møtte til første utlevering var utelukkande positive.


Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as