Et krafttak for mattryggleik og matsuverenitet

Fråsegn frå landsmøtet: Me står overfor truslar mot mattryggleiken som følge av klimaendringane og aukande usikkerheit i verda. Risikoen for at framtida skal bli endå meir prega av matmangel og alle dei problema som følgjer med matmangel aukar. 

Tal frå FAO viser at verda dei siste åra ikkje har nærma seg FNs berekraftmål om å utrydde svolten i verda innan 2030. I 2023 levde mellom 713 og 757 millionar menneske under sveltegrensa. 

Ein hovudtanke frå styresmaktene i vårt land synest vere at fordi Norge har god økonomi, kan me kjøpe meir mat utanfrå viss det trengst. I ei verd med matmangel er det ei lite solidarisk å ta maten frå dei som treng han betre. I krisesituasjonar vil dei fleste land og folk trengje maten dei produserer.   

Norge har ei sjølvforsyning i normalår basert på eigne ressursar på under 40 prosent, 50 prosent om me reknar med matproduksjon på importert fôr. Dette er blant Europas lågaste. Me importerer korn til menneske og husdyr, sukkervarer, grønsaker og frukt og også meir og meir husdyrprodukt. Det meste av vår landbruksproduksjon er avhengig av straum, drivstoff, reservedelar, kunstgjødsel, sprøytemiddel og andre innsatsfaktorar som må importerast eller er usikre i kriser. 

Me står overfor truslar mot mattryggleiken som følge av klimaendringane og aukande usikkerheit i verda. Risikoen for at framtida skal bli endå meir prega av matmangel og alle dei problema som følgjer med matmangel aukar.  

Samfunn av vårt slag møter krigsrisikoen no med sterk satsing på militæret, såleis ein auke i forsvarsbudsjettet på nesten 20 milliardar i 2025 og vidare auke i åra framfor. Men eit forsvar er ikkje sterkare enn det svakaste leddet. Sviktar mattilgangen, er våpen og utstyr ei mager trøyst.   Spredt bosetting og matsikkerhet er noe av det viktigaste for beredskap og forsvarsevne.  

I krafttaket som må til for å auke matberedskapen og matsuvereniteten, treng norsk landbruk: 

  • Fleire produsentar, og spesielt små produsentar. 
  • Fleire produksjonar på kvart bruk.   
  • Meir planteproduksjon. 
  • Meir bruk av utmarkene 
  • Lokal foredling og lagring 
  • Hjelpemiddel som gjer at drifta kan fungere i krisetider, som straumaggregat, jordkjellar til matlager, slipestein og reserveløysing for drikkevatn for folk og dyr. 

Bonden må halde oppe beredskapen for samfunnets del like mykje som for eiga drift. Difor må også samfunnet bidra til finansiering av arbeidet. Det kan gjerast med eit beredskapstillegg til bønder med fleire produksjonar, beredskapsplan og -utstyr og plikt til å bidra med mat ved behov.   

I krafttaket treng det norske samfunnet også 

  • Ei aktiv satsing på hagebruk med produksjon av matplanter 
  • Kommunale beredskapsplanar med årleg gjennomgang 
  • Skulehagar og undervisning i matproduksjon, til dømes slakting i mat og helse. 
  • Fleire landbruksskular og undervisningsvekt på matproduksjon i krisetider 

Prinsippet om matsuverenitet bør bli ein del av globalsamfunnets tenkjemåte og regelverk. Norsk Bonde- og Småbrukarlag ber våre styresmakter arbeide for alle lands matsuverenitet både nasjonalt i vårt land og i internasjonalt samkvem.