Settepoteter på jordet sette potet - Foto: Nora May Engeseth/NBS

Poteten – gåva frå Peru

Mat og produksjon Beredskap og matsikkerhet Internasjonalt

30. mai er frå i år potetens dag. Initiativet er teke av FNs organisasjon for mat og landbruk FAO. Markeringar vil finne stad i ei rekkje land, møte, avisinnlegg, demonstrasjonar, utdeling av setjepoteter og andre markeringar.

Av Margit Fausko og Olav Randen, internasjonalt utval

 

8000 år sidan tok indianarar i Peru og Chile til å dyrke poteter. Etter Columbus vart poteter importerte til Europa og i hundreåra etterpå tekne i bruk i dei fleste av verdas land. 159 land har no registrert potetdyrking, og poteter er den tredje viktigaste matplanta i verda. Berre av ris og kveite blir det dyrka meir.

Få planter kan kallast universelle i like stor grad som poteter. I alt finst heile 5000 kultiverte sortar. I Sør-Amerika veks også minst 180 ville artar. Det finst potetsortar som gir avling på skrinn og på næringsrik vekstjord, i turre og regnfulle og kalde og varme område. Somme sortar gir store avlingar, men er lite sjukdomsresistente, andre er mindre produktive, men hardføre mot sjukdommar. Inkaer i Andesfjellene med tusenårs tradisjonar med potetdyrking bruker mange titals sortar for å vere sikra avling.

Potetdyrking har vore og er småkårsfolks matplante. Poteter har berga milliardar menneske gjennom krigar og naturkatastrofar. Den er nøysam og krev lite utstyr. Dyrking til ein familie kan skje med eit grev og helst ein spade og ei hakke. Den gir store avlingar, ofte to-tre tusen kilo på målet eller like mange kilo på kvar kvadratmeter jord. Den er rik på C-vitamin, kalium og kostfiber. Poteten er smakfull, kan brukast på mange måtar og eigner seg saman med mange matsortar. Og den kan lagrast i ein frost- og gnagarfri jordkjellar ein vinter gjennom.

Potetdyrking er også ein god måte å skaffe seg kunnskapar om natur og biologi på. I nordiske land var det fram til etter andre verdskrig vanlig med skulehagar og skuleåkrar. Særleg i Danmark er tradisjonen teken opp att, og også ein del barnehagar har fått potetåkrar.

Utan poteter hadde Norge vore eit fattigare land med ei mindre befolkning og ei befolkning med dårlegare helse. Landet hadde vorte hardare ramma av to verdskrigar. Det hadde vore like eins i mange land. Potetdyrking har vore og kan kome til å bli av vår viktigaste beredskap mot krigar og naturkatastrofar.

Trass dei mange positive sidene har likevel potetdyrking gått dramatisk attende i vår del av verda dei siste tiåra. Ikkje minst gjeld det Norge. På det meste, på 1950-tallet, vart det dyrka poteter på nesten 600.000 dekar jord i vårt land. No er potetarealet under 120.000 dekar. Avlinga er redusert til nesten fjerdeparten, potetforbruket per innbyggjar har gått ned frå 80 til litt over 20 kilo, og likevel er Norge berre 83 % sjølvforsynt med poteter. I staden for norskproduserte poteter et me meir og meir andre og oftast importerte matslag.

Med eit samarbeid mellom gardbrukarar, forbrukarar og styresmakter kan me fleirdoble potetdyrking i vårt land, som eit viktig bidrag til auka sjølvforsyning og beredskap. Det vil innebere potetåkrar på gardar, potetdyrking på plenar, og aktiv bistand frå styresmakter for at kommunar og grunneigarar skal ta opp att tradisjonen med utleige av parsellar til potetdyrking. Meir sjølvproduserte eller lokalproduserte poteter i kosten er ikkje berre matberedskap, men også tryggleik for at maten er rein og utan uønskte tilsetjingar.

Og poteter bør få ein plass i norsk bistandsarbeid. Hjelp til sjølvhjelp med potetdyrking er bistand som kan nå dei som treng det mest og difor kan utgjere ein viktig forskjell. Verdas potetdag 30. mai er ein dag for å rette søkjelyset mot at den planten ein av våre fremste historikarar omtalar som gåva frå Peru, kan gjere både vår norske og verdas framtid tryggare.