Samandrag
Hemsedal Bonde- og Småbrukarlag har gjennomført prosjektet: Grønnsaksproduksjon og anna dyrking i Fjellandbruket frå 2021-2023 med støtte frå Fjellandbruksmidlar av
Statsforvaltaren i Oslo og Viken og næringsutviklingsmidlar av Viken fylkeskommune.
To produsentar har starta opp med markedshagedyrking i Hallingdal i prosjektperioden. Den eine har slutta. Det har elles vorte starta opp nye markedshagar i Valdres, Dovre og i Gausdal.
Gjennom prosjektperioden har det vorte bygd opp eit nettverk med ca. 10
markedshagedyrkerar i Fjellandbruket i Buskerud, Telemark og i Innlandet som har blitt kjent og som støttar kvarandre for å utvikle bedriftene sine. Dei seier nettverket er viktig. På ei samling sa ein av markedshagedyrkerane: «Dette nettverket hjelper meg til å utvikle bedrifta mi».
Det blir produsert meir grønnsaker lokalt enn før prosjektet starta opp. Gjennom
prosjektperioden er det bygd opp kompetanse om dyrking i Fjellandbruket som er verdifullt.
Inkubatorprogrammet var eit godt verktøy for kunnskap og kunnskapsdeling ved oppstart av markedshage når avstandane er store. Saman med fysiske samlingar har det vore med på å utvikle eit nettverk med ca. 10 markedshagedyrkerar i Fjellandbruket i Buskerud, Telemark og i Innlandet. Nettverk er kanskje viktigare enn me trur. Erfaringane gjennom dette prosjektet syner at markedshagedyrkerar treng kollegaer som veit kva det innnebær å drive markedshage og som ein kan spørje om råd eller berre dele positive ting og det som er utfordrande.
Felles nyheitsbrev der fleire produsentar samarbeider er vellykka og må utviklast vidare. For at grønnsaksproduksjonen skal bli større, må både reiselivet og det offentlege ville kjøpe lokalt. Det er ikkje nok at det står at dei vil gjera det skrifteleg, det må handling til. Forslag om å få til årleg workshop der markedshagedyrkerar, reiseliv og det offentlege møtest.
Etter drøftingar og innspel frå markedshagedyrkerane for å vidareutvikle bedriftene for å få fleire bein å stå på, var det eit ynskje om å sjå meir på mogelegheitene i frukt- og bærdyrking. Med bakgrunn i dette er det søkt samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Det er innvilga tilskot med fjellandbruksmidlar frå Oslo og Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark til forprosjekt for å kartlegge mogelegheiter i frukt og bærdyrking i Fjellandbruket i 2024.