Til webinaret har me invitert gode foredragshaldarar som vil gje deg inspirasjon, svar på spørsmål og tips og råd til koreis du kan jobbe med sal av dine produkt.
Webinaret rettar seg mot lokalmatprodusentar og andre som er interesserte i sal og salskanalar for lokalmat.
Dato: 9. desember
Tidspunkt: kl. 12.00-14.00
Foredragshaldarar er:
Marianne Rønning, Tørresvangen gård
Tørresvangen gard ligg midt mellom Tynset og Kvikne. På garden driv Marianne Rønning og mannen Vidar Nybu eit lite gardsysteri og har utsal i stabburet. I webinaret fortel Marianne om korleis dei har fått gardsbutikken til å fungere og kva som har vore suksessfaktorar for drifta av den.
Sigurd Vassenden, Grønt frå Grindal
Sigurd Vassenden driv marknadshagen Grønt frå Grindal. Grønt frå Grindal er ein relativt stor marknadshage på 6-8 dekar og ligg i Rennebu i Trøndelag. På webinaret fortel Sigurd om kva for kanalar han brukar for å selje grønsakene dei produserer.
Gro Rudi, Uvdalsbonden.
Bak Uvdalsbonden står ein gjeng fjellbønder frå Uvdal øvst i Buskerud. Dei tilbyr råvarer og opplevingar i og frå Uvdal og ynskjer å gjere det enkelt å kjøpe råvarer direkte frå bonden. På webinaret fortel Gro korleis dei jobbar med ulike salskanalar.
John Erik Aaby
John Erik Aaby er kjøkensjef på Vestlia Resort på Geilo. Han brukar mykje lokalmat i sine menyar. På webinaret vil han fortelje om korleis han jobbar med lokalmat og lokalmatprodusentar.
Webinaret er gratis.
Gå inn på lenka for å melde deg på: Påmeldingslenke
Send gjerne informasjon om webinaret til andre du tenkjer kan ha nytte av å vere med.
VELKOMEN!!!