Velkomen til hagevandring på Tjoflot!
Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag inviterer til hagevandring søndag 13. oktober.
I år skal me besøkja Bjørnar og Brita Tjoflot. Dei er nye drivarar på garden, og har sidan dei tok over starta med sider, fått sauene tilbake på bruket, starta med nydyrking og gjennomført eit større skogsvegprosjekt.
Det er mykje å sjå og ein fin tur å gå frå sjøen opp til Tjoflot gard. Dei som er ekstra spreke kan ta turen opp til toppen av Oksen for ein av dei beste utsiktene i Hardanger.
Tjoflot fekk veg først i 1984 og består av tre gardar. For å koma til Tjoflot må ein ta av første veg til høgre etter Hardangerbrua retning Ulvik, og fylgja vegen til endes. Då passerar du Vallavik, Djønno, Vikane og Ulgenes på vegen.
Vandringa startar kl.12.00 nede ved sjøen på Tjoflot, og me avsluttar med mat, kaffi og kanelbollar ca. kl.15.00.
Parkering på snuplassen ved nausta eller på grusplassen rett før ein kjem inn til Tjoflot.
Arrangementet er gratis og ope for alle - både medlemmer og andre interesserte!
Helsing styret i UBS.
(Bildet er frå hagevandring Rogdo/Kråkevik i Vikebygd 2020).