
Ingen 8.mars utan ein appell om kvinners liv og rettigheitar
Årets fylkesårsmøte i Møre og Romsdal falt i år på kvinnedagen, og årets appell stod Ingvild Asphol for, sjølv odelsjente til ein gard i Osen i Molde. Ho gav ein hyllest til alle kvinner i landbruket før og no, og peika på at kvinnelege bønder kan delast i to kategoriar, dei som er registrert med eigen landbruksverksemd i einingsregisteret, og dei som står som «ektefelle» og ikkje vert medrekna når antal kvinnebønder skal gjerast opp. Dette gjeld spesielt i dei tilfelle der berre mannen har heimel i garden og er den som står registrert i einingsregisteret. Dette passar sers godt inn i eit system der inntekta til bøndene vert normert med 20 prosent. Gjennom 20 prosent nedjustering av faktiske tal ligg det følgeleg ei forventning frå Regjering og Storting at arbeidsinnsats frå ektefelle, born, kårfolk og «tilfeldig arbeidshjelp» heilt eller delvis vert gjort som gratis dugnadsinnsats