Ny som 1.vara, og møtande i styret, vert Vebjørn Hansen Berg , engasjert ung småbrukar frå Austefjorden. Han er og for tida lokalagsleiar i bonde- og småbrukarlaget i Volde og Ørsta.
Fylkeslaget er godt fornøgd med at vi no har tre personar i styremøtene som er under 35 år.
2.vara Per Oddbjørn Røkkum, 3.vara Victoria Narvesen Lid, 4.vara Lars Wiik. Oddbjørn Reiten og Hilmar Kleppe vart vald for 2 nye år som revisorar. Lars Wiik er leiar for valkomiteen, Monika Renate Sande Sjaastad har to år att og Eli Kristin Aalbu Sæther vart vald for tre år.
Landbrukskonferansen fredag 7.mars om berekraftig matproduksjon og landbruk i eit evigheitsperspektiv . Temaet for konferansen vart ein god inngang til generaldebatten på årsmøtet. Det vart poengtert av fleire årsmøtedeltakarane at ein oppnår ingen reell berekraftig utvikling av landbruket utan at økonomien for dei som produserar maten er jamstilt med andre grupper. Ola Kvendset og Ellen Marie Sørumgård Syse, styremedlem i NBS, opna begge årsmøtet med fokus på kva som skal til for å sikre ein økonomi for bøndene som dekker både betaling for arbeidsinnsats og fornying av driftsapparat. Bondelaget ser ut til å ha slått seg til ro med at talgrunnlaget i jordbruksforhandlingane no er godt nok og står seg over tid. NBS er framleis urolig for kva som vil skje framover med økonomien i landbruket om ikkje arbeidsinntekt og kapitalinntekt vert skilt ut kvar for seg. Systemet gjer at bøndene må dekke prisvekst på naudsynte reinvesteringar med annan kapital. Enten eksterne pengar frå for eksempel eigen eller ektefelle sin inntekt i anna arbeid, eller å ta av det som skulle gått til lønn eller ferie, eller å ta opp lån. Å jobbe mot meir riktig talgrunnlag vil framleis vere ei viktig sak for organisasjonen. Matsikkerheit og totalberedskap var og samtaleemne både i møtesalen og ved lunsjen. Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant for SV ,var tilstades på årsmøtet, og ho fekk med seg oppfordring til Stortinget om at ein plan for totalberedskap og sikker matforsyning på norske ressursar må kome på plass rimeleg raskt.