Brev til Møre og Romsdal Fylkeskommune om situasjonen i beitenæringa i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Sau og Geit, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Møre og Møre og Romsdal Bondelag sendte 10.oktober eit felles brev til fylkeskommunen.

I brevet vert det vist til den konkrete situasjonen med store dokumenterte tap av beitedyr, særleg sau og lam, til rovdyr. Konkret handlar det denne gongen om store tap av beitedyr til jerv i øvre delar av Romsdalen og indre delar av Fjord kommune, tap til gaupe i ytre delar av Tingvoll og streifulv på grensa til Trøndelag.

 

Organisasjonane bed om oppfølgjing av henvendelsenpå følgjande måte:


1. Rovviltbestandane, særleg jerv og gaupe, må reduserast slik at bestandane kjem på det
nivået som Stortinget har fastsett.


2. Dagens verkemidlar for reduksjon av rovdyrbestandane er for lite effektive.
Verkemiddelbruken må utvidast og gjerast meir effektiv enn den er i dag. Når
rovdyrbestanden er langt over målet og tillatte verkemidlar ikke fungerer, må SNO i større
grad instruerast om å ta ut dyr, også i ordinær jakttid, og også innafor
forvaltningsområdet.