Spørsmålet konferansen skal prøve å svare ut, er korleis ein kan snu ei negativ folketalsutvikling? Korleis kan bygdene stimulere unge familiar til å flytte heim att?
«Bygdedød» og «småbruk», er to viktige stikkord for dette beredskaps-politiske toppmøtet på Martin Linge-huset i Valldal den 6.juni. Det er Fjord Sp som har teke initiativet til møtet/konferansen, men arrangøren er ein bygdeallianse av politiske partilag, bondeorganisasjonar og frivillige lag i kommunen. Medlemmane i bygdealliansen har det til felles, at dei er bekymra for bygdene si framtid, i ei tid prega av negativ folketalsutvikling og forgubbing.
Konferansen er gratis og open for alle interesserte! Valldal bygdekvinnelag serverer lunsj.
«Det handler om Norge» er overskrifta for konferansen. Tittelen er henta frå «Demografikommisjonen» sin rapport, som viser utviklingstrendar i Bygde-Norge. Rapporten fortel om ei utvikling som slett ikkje er lys. Professor Viktor Norman var leiar av «Demografikommisjonen». Han vil innleie under overskrifta: «Overhengande fare for bygdedød - kven sløkker siste lyspæra?
Generalløytnant og tidlegare hærsjef, Robert Mood, er eit anna kjent fjes som deltek på konferansen. Han ropar eit alvorleg varsko mot den dramatiske utviklinga som er skildra i rapporten. Mood meiner at forsvar og beredskap startar i åkeren til bonden. Levande bygder med folk, bosetting og landbruk i alle deler av landet, er like viktig som våpen i ein krigssituasjon, hevdar den profilerte generalen.
Professor Reidar Almås, ved senter for bygdeforsking/RURALIS, meiner at han har svaret. Stikkordet hans er «småbruk». Han viser til at ordet «småbruk» lenge har toppa finn.no si liste over dei mest søkte eigedomane. I ei rykande fersk bok stiller han det retoriske, og for mange provoserande spørsmålet om ikkje landbruket og bygdene bør produsere småbruk, når det er småbruk folk vil ha? På konferansen presenterer Almås logikken bak desse spenstige tankane.
Etter foredraga vert det debatt mellom sentrale politikarar, næringslivstoppar og bondehøvdingar, med politisk redaktør i avisa Nationen Anne Ekornholmen som ordstyrar. I panelet sit konsernsjef Erik Espeseth i Tafjord Kraft AS, leiar i Norges Bonde og Småbrukarlag Tor Jakob Solberg, leiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug, fylkesordførarkandidatane for Senterpartiet Per Ivar Lied, Høgre Anders Rise, Sosialistisk Venstreparti Marit Aklestad, Fremskrittspartiet Geir Stenseth og fylkesordførar Line Hatmosø Hoem frå Arbeiderpartiet. Publikum i salen får og sleppe til.
Spenninga er knytt til korvidt det er realistisk, og om det er politisk vilje, til å gjennomføre reforma som professoren meiner vil gjere Norge til eit trivelegare og tryggare land? Om svaret skulle vere nei, vil arrangøren vite kva som då er alternativet for å unngå bygdedød?
Sponsorar av konferansen er:
HOFSETH
TAFJORD
Indre Sunnmøre Gjensidige
Indre Storfjord Bondelag
Møre og Romsdal Senterparti
HOFSETH
TAFJORD
Indre Sunnmøre Gjensidige
Indre Storfjord Bondelag
Møre og Romsdal Senterparti
Arrangørar av konferansen er:
Fjord Senterparti
Fjord Sosialistisk Venstreparti
Fjord Arbeiderparti
Fjord Høgre
Fjord Fremskrittsparti
Indre Storfjord Bondelag
Eidsdal Norddal Bondelag
Norddal Bonde- og Småbrukarlag6
Fjord Senterparti
Fjord Sosialistisk Venstreparti
Fjord Arbeiderparti
Fjord Høgre
Fjord Fremskrittsparti
Indre Storfjord Bondelag
Eidsdal Norddal Bondelag
Norddal Bonde- og Småbrukarlag6