110142985 10221325378099005 9026982067206754586 N

Kampen om utmarka - Konferanse i regi av utmarksutvalget i NBS

Kampen om utmarka

Noreg er det mest utprega utmarks- og graslandet i Europa. Bruken av den årlege tilveksten i utmarka har vore mykje av grunnlaget for matberginga vår, for busetnaden frå kyst til fjell og for rike lokale kulturtradisjonar. Men overgangen til meir intensiv kjøt- og mjølkeproduksjon tufta på åkerbruk og importert fôr har sterkt redusert beitebruken, og i staden har det kome inn nye måtar å bruke utmarksareala på: hyttebygging og moderne former for friluftsliv og rekreasjon.

Statsforvalteren i Innlandet har opplyst at beitelag kan bruke av sine midler til å dekke deltakeravgift for sine medlemmer.

Dette har skapt aukande konfliktar, særleg mellom alle dei som framleis har beiting som del av driftsgrunnlaget sitt på den eine sida, og interesser knytte til reiseliv og friluftsliv på den andre. For kommunane som ansvarlege for arealforvaltinga er planprosessane blitt krevjande. Fleire stader er det danna organisert motstand mot utbyggingsplanar. Andre stader har t.d. hundekøyring i stort omfang ført til diskusjonar om grensene for allemannsretten i friluftslova. Jamt over har beitebrukarane kjent seg som taparar, og altfor mange har gjeve opp.

Regjeringsplattforma slår fast at sjølvforsyninga av mat skal aukast til femti prosent. Det er eit djervt mål som det snautt er mogleg å nå utan ein vesentleg auka bruk av beiteressursane. Men korleis er dette mogleg når så mange aktørar konkurrerer om areala? Eller er det ikkje konkurranse? Kan betre planprosessar skape rom for alle? Eller må styresmaktene prioritere arealbruken på ein langt strengare måte i framtida?

Slike spørsmål vil bli drøfta på utmarkskonferansen, som blir leia av ein nestor innan småfehaldet, Erling Skurdal.

Den fyrste dagen vil to av dei fremste forskarane på området innleie om verdiane utmarka kan ha for matproduksjonen i framtida, og om dei endringane som har påverka evna vår til å nytte denne ressursen. Så vil ulike brukarar av utmarksareala presentere sin situasjon og sine interesser. Deretter er temaet dei avgrensingane og moglegheitene som forvaltinga har når det gjeld å styre arealbruken etter nasjonale og lokale mål.

Dagen blir avslutta med ein plenumsdebatt der konferansedeltakarane kan få ordet.

Den andre dagen er sett av til å drøfte kva som kan og bør gjerast både med lovverket og politikken. Det blir innleiingar frå politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet (som har ansvaret for plandelen i PBL), og paneldebatt med representantar for dei som vedtek politikken og lovene. Seniorforskar ved Ruralis, Katrina Rønningen og dagleg leiar av AGRI-analyse, Christian Anton Smedshaug, innleier til paneldebatten.

Merk: Denne konferansen tek for seg beiteverdiane, brukarkonfliktar, arealforvaltinga og landbrukspolitiske verkemiddel. Rovviltforvaltinga er ikkje tema, heller ikkje bruk og vern.

Målgrupper: Konferansen vil vera ein møtestad for alle som er opptekne av politikken, lovene og forvaltinga som styrer bruken av den produktive, tradisjonsrike, vakre og varierte utmarka vår.

Hjarteleg velkomen!

Utmarksutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

 

 

Program i fil nederst i saken.