Ola Vaagan Slåtten frå Hol i Hallingdal driv nettstaden "Bedre Bygder" og "Langfjellaseminaret" og Hallvard Helland, leiar i Oppland Bonde og Småbrukarlag innleier til debatt.
Korleis løfte diskusjonen om eit bærekraftig landbruk som eit grunnleggjande premiss for levedyktige lokalsamfunn? Er vi ikkje då avhengige av å spele på lag med naturen rundt oss? Bruk framfor forbruk som grunnlag for næring og trivsel. Dette er ikkje minst viktig for dei som kjem etter oss.
Dei vil drøfte status globalt, korleis vi forbruker areal andre stader i verda og tap av dyrka mark. Saman med tankar om korleis vi skal ta opp kampen på heimebane.
Møtet arrangeres av Vang, Vestre Slidre, Østre Slidre, Nord Aurdal, Etnedal, Hedalen og Oppland Bonde og Småbrukarlag.
Kaffe og biti!