Hallvard+Helland

Skulepolitikk er ikkje å sørge for at statistikken blir uendra

Hurdalserklæringa har eit talfesta mål om å auke sjølvbergingsgraden til 50 %, ein auke på 25 % frå dagens nivå. Totalberedskapskommisjonen skriv at «det er nødvendig å sikre størst mogeleg produksjon av mat i Norge basert på norske ressursar, både for å sikre matforsyningen til befolkninga og ut ifrå et solidarisk ansvar om å bidra til økt global matforsyning. Det er også avgjerande for den beredskapen som spreidd busetjing representerer.» Dette er nasjonale føringar med utspring frå nåverande regjering.

 

Nestleder i Oppland Bonde- og Småbrukarlag har leserinnlegg i GD i dag. 

Leiinga i Innlandet fylkeskommune meiner det er sannsynleg at trenden med redusert folketal vil halde fram. Argumentet er framskriving av fødselstal og at sentralisering er noko som berre vil halde fram. Eg meiner det også er vektige argument for at det vil snu. Verda endrar seg, da kan det bli feil å ta utgangspunkt i at samfunnet vil utvikle seg i tråd med statistikken frå tida som har vore.

Det er krig i Midtausten og Ukraina. Vi kjøper soya frå eit areal på ca. 3 millionar daa. Dette svarar til 30 % av totalt areal dyrka mark i Noreg. Mesteparten kjem frå Amazonas, der det nå er rekordvarme og -tørke. Hanne Velure beskriv sentralisering som ein global megatrend. Klimaendringar og redusert matproduksjon i store område er også ein global megatrend vi nå stadig tydelegare ser konturane av. I kjølvatnet av matmangel følgjer ofte krig, konfliktar og folk som flyktar. Eg trur vi kan få spørsmål om å ta i mot fleire flyktningar i åra som kjem. Da finanskrisa ramma Hellas med full tyngde snudde sentraliseringstrenden der. Når dei ikkje lengre hadde inntekt til å kjøpe maten, reiste fleire heim til landsbygda der maten vart produsert.

Hurdalserklæringa har eit talfesta mål om å auke sjølvbergingsgraden til 50 %, ein auke på 25 % frå dagens nivå. Totalberedskapskommisjonen skriv at «det er nødvendig å sikre størst mogeleg produksjon av mat i Norge basert på norske ressursar, både for å sikre matforsyningen til befolkninga og ut ifrå et solidarisk ansvar om å bidra til økt global matforsyning. Det er også avgjerande for den beredskapen som spreidd busetjing representerer.» Dette er nasjonale føringar med utspring frå nåverande regjering.

Ein byggjer ikkje samfunnet ved å sjå enkeltvis på snevre sektorbudsjett. Auka sjølvberging og skulepolitikk heng saman. Ein omfattande auke i matproduksjonen vil krevje fleire bønder. Satsinga på breiband er vel for at fleire skal flytte til distrikta? Det blir, iallfall i ord og tekst, uttrykt kor viktig det er med sterke og levande lokalsamfunn. Da må det også vera politisk vilje til å satse på og behalde dei grunnleggjande institusjonane i lokalmiljøa, som vidaregåande skular. Det blir feil når eit parti nasjonalt satsar stort på fiber i distrikta for å skape nye arbeidsplassar, når fylkespartiet legg ned skular. Pr nå er norsk politikk litt som om eg hyrar inn snikkarar for å leggje nytt tak på eit hus og samstundes har eit arbeidslag som fjernar steinar frå grunnmuren for å reparere eit anna.

Innlandet fylke står for om lag ¼ av matproduksjonen i Norge og 40 % av avverka skog. Viss vi skal nå nasjonale mål om auka matproduksjon må det bu folk i distrikta i Innlandet der skogen og maten blir produsert. Når den norske stat finn pengar til ein budsjettsprekk på 50 mrd. i regjeringskvartalet bør det også vera rom for å finansiere dei grunnleggande vilkåra for å oppfylle eigne mål.

Hallvard Helland, nestleiar Oppland Bonde – og småbrukarlag