Tidlegare i haust var det tilleggsforhandlingar mellom partane i jordbruket. Den nye regjeringa vår synte forståing for vanskane som auka prisar skaper for landbruksnæringa og kom faglaga i møte ved å innvilga kravet frå organisasjonane.
Sidan den gong har det kome meldingar om sterkt aukande prisar på handelsgjødsel og straumprisane er skyhøge, og er varsla å bli endå høgare.
Det er slik at bøndene enno kan utsetja å kjøpa gjødsel nokre månader og utgiftsdekning for auka gjødselprisar kan takast inn i dei ordinære forhandlingane til våren, men elektrisk kraft er bøndene avhengige av nytta kvar dag.
I andre næringar ville så store endringar i rammevilkåra for produksjonen umedelbart ført til auka prisar i marknaden. Slik fungerer det ikkje i landbruket.
Meldingane me får frå enkeltbønder er at det kan bli vanskeleg å klara å betala straumrekningane framover. Det kan verta kritisk for bonden og for samfunnet!
Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil difor be Norsk Bonde og Småbrukarlag om snarast å kontakta landbruksminister Sandra Borch for å krevja at det kjem strakstiltak. Det må koma kompensasjonsordningar og pengar må seinast koma til utbetaling ved utbetaling av produksjonstillegg i februar 2022.