Aktuelt

Fagdag 1

Fagdag Bonden og vatnet

Vi ynskjer å invitere deg som bonde til fagleg påfyll og ein lærerrik dag som tek for seg ulike tema knytt til landbruksnæringa og påverknad på vassmiljøet. Det blir innlegg om mellom anna gjødselbrukforskrifta, kantvegetasjon mot vassdrag, biorest, landbruksplast og tilskotsmidlar. Arrangementet er eit samarbeid mellom Landbrukskontoret for Gloppen og Stad, Statsforvaltaren i Vestland, Vestland Bondelag, Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag, prosjektet "Bonden og elva", Innovasjon Norge, Nordfjord vassområde og Vestland fylkeskommune.
Eli Folven 1

Haustsamling 2024 - 25.-27. oktober 2024

Tema:Beredskap, ressursforvaltning, utmarksbeite og jus. Vi ynskjer å lage ei samling der ein får brynt seg litt, sett samanhengar og dratt parallellar, samstundes som ein kan gå heim att til eigen gard og gjere eigen gard rusta i eit beredskapsperspektiv og sjå nytta og verdien i val ein gjer, både med tanke på framtidig miljø- og klimautfordringar og kan nyttegjere seg av eigne resursar på best mogeleg måte for seg sjølv, lommeboka og miljøet. Tema for samlinga vil vere bruk av utmark og godt bruk av beite. Undertema vert beiterett, gjerdeplikt og rovdyrproblematikk. Herunder kjem òg stølsdrift. Anna problemstilling kan vere ferdsel i utmarka, då gjerne med hund.

Søk