Opning ved leiar Nina Sofie Gjelsvik, deretter helsingstale frå ordførar Bengt Solheim-Olsen og helsingar frå gjestar.
Petter Simonsen heldt eit engasjerande innlegg om arbeid, dyr og vekstar på eigen gard. Har mange dyreslag, men ikkje so mange dyr av kvart slag. Brukar mykje tid ilag med dyra.
Anita Roset heldt ei godt innlegg om arbeid og produksjon på Innvik Fruktlager. Store mengder bær og frukt som går innom lageret.
Kolbjørn Taklo snakka om helse, miljø og sikkerheit i landbruket. Kva er god helse? Kva er velvære? Kva er ferie? Psykisk helse. Viktigaste ressursen på garden er bonden sjølv. Han snakka òg om bondens nettverk.
Margrethe Figved er fadder for SFBS. Ho innleia til gruppearbeid om strategiarbeidet i NBS.
Eli Berge Ness losa trygt og dyktig innleiarane og deltakarane gjennom dagen.
Avslutta dagen med middag og program.
Åse-Marie Reiseter starta dag 2 med gjennomgang av forsikringsavtale med Gjensidige.
Deretter var det gjennomgang og godkjenning av 4 uttalar frå årsmøtet.
Til slutt gjekk laga kvar til sitt og avheldt årsmøte
Sogn og Fj. Bonde- og Småbrukarlag fekk då nytt styre:
Bjørn Inge Flo – ny leiar
Nina Sofie Gjelsvik – nestleiar
Styremedlemmar: Håkon Langeland, Ragnhild Kjøsnes, Silje Åsnes Skarstein.
Vara: Per-Magnar Sognnes, Øyvind Henden, Marta Karoline Jansen.