Når dette talmaterialet også vert lagt til grunn for jordbruksforhandlingane vert tilliten til systemet og resultatet svært låg.
Gradvis har me fått bekrefta at norske bønder har hatt rett og både Storting og regjering har sett behovet for å få på plass eit rett talgrunnlag for næringa.
Det vart sett ned eit utval for å gå gjennom tala, det såkalla Gryttenutvalet. Dei kom med si innstilling i fjor haust og me håpa då at me , i alle fall delvis, kunne basera jordbruksforhandlingane på eit tryggare grunnlag.
Det synte seg at så ikkje var tilfelle og at også dette året skulle framtida for norsk landbruk vedtas med feil talgrunnlag.
Hausten nærmar seg og me som organisasjon skal begynna arbeidet med å førebu våre krav og innspel til jordbruksforhandlingane 2024. Samtidig ser me at landbruksminister og regjering enno ikkje kan lova at forhandlingane til våren kan baserast på rette tal.
Dersom me på nytt må forhandla på feil talgrunnlag meiner me at det vil undergrava norske bønder sin forhandlingsrett og at det er å halda norske bønder for narr!
Heile systemet, som både vår organisasjon, bondelaget og staten bruker mykje tid på, vil nærma seg ein parodi.
Me vil derfor be styret om at ein kontaktar Norges Bondelag for undersøka om det er grunnlag for eit felles skriv til staten om at det er uaktuelt for landbruket å gå inn i ordinære forhandlingar utan at desse er basert på eit rett talgrunnlag
Stig A Helgesen fylkesleiar Rogaland Bonde og Småbrukarlag
Leif Grutle fylkesleiar Hordaland Bonde og Småbrukarlag
Frank Valø fylkesleiar Troms Bonde og Småbrukarlag
Bernt Skarstad fylkesleiar Nordland Bonde og Småbrukarlag
Hanne Bjerkvik fylkesleiar Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag