Image0000001

Markvandring hos Håkon Osland (1)

Markvandring hos Håkon Osland laurdag 13. juli.

Vi starta dagen med å gå rundt i den fantastiske hagen til Håkon. Her var masse blomar i alle fasongar og fargar. Håkon har ei levande interesse for vekstane og fortalde om jobben han gjer. Det vert lagt ned mange timar i denne hagen kvart år.                            

Her var samla 13 personar og tre framtidige potensielle medlemmar.

Ole Johan Hegrenes frå Gjensidige heldt innlegg om Avtale mellom NBS og Gjensidige og om kva Gjensidige kan tilby medlemmane. Han fekk mange gode spørsmål og innspel frå tilhøyararne. Deretter overtok Nina Sofie Gjelsvik og fortalde om hennar liv som bonde på Åse. Og om dei allsidige produksjonane hennar. Og ikkje minst om den tragiske brannen i mai.

Dagen vart avslutta med eit besøk til Nord-Europa si eldste eine, ca 500 år gamal. Eit praktverk av ei eine.

Elles vart det servert is, brødmat og ikkje minst vaflar og blautkake laga av Håkon med kaffi attåt.

Tusen takk til Håkon som tok i mot oss på ein strålande dag i juli!