Huldefossen

Medlemstreff på Mo 9. august

Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag inviterer alle medlemar til medlemstreff 9. august kl 13.00–16.00 på Førde Vgs avd. Naturbruk på Mo.

Tema er kanaliseringspolitikk og innspel til jordbruksforhandlingane 2025.

Innleiar er Frank Valø som er leiar i Troms BS. Frank driv med sau og storfe. Han har over tid jobba aktivt for bevaring og utvikling av landbruk i distrikta, og då med tanke på dei nest beste områda.

Han har ofte gjesta Helgemorgen for å formidle  kunnskap og for å sejte lys på kor viktig det er å ivareta landbruk i heile landet i høve eit bereskapsperspektiv.   

Program

13.00    Velkomst ved Hanne

13.10    Kanaliseringspolitikken ved Frank Valø

                - innspel/debatt

14.20    Kaffipause

14.45    Innspel til jordbruksforhandlinane 2025 ved Frank Valø og Anders Klemoen/Hanne Bjerkvik

                -innspel/debatt

16.00    Avslutning og vel heim

Håpar vi ser deg og fleire på Mo denne fredagen! Dette gjev deg høve til kome med meiningane dine om landbruket i dag.

Alle er vel møtt! Ta gjerne med ein nabo eller ven.