GMO -REGULERING; KORTSIKTIG VINNING ELLER TRYGG FRAMTID

Det er venta at Stortinget får framlegg til ny GMO-regulering denne våren. Det oppnemnde Genteknologiutvalet er i NOU 2023.18 samde om at dette er på høg tid.  Utvalet er elles sterkt splitta i kor stor grad nåverande og framtidig kunnskap om gentekniske inngrep skal regulerast.  Utvalet speglar i så måte den polariserte samfunnsdebatten kring temaet GMO, nasjonalt så vel som globalt.

Fleirtalet i utvalet meiner at det faktisk er uetisk med eit regelverk som er til hinder for forsking og nyvinning og peikar på at genmodifiserte planter, dyr og mikroorganismar kan lette klimautfordingane og auke matproduksjonen. Vidare vil eit innovasjonsvenleg norsk regelverk fungere som ein "pilot" for EU-regelverket som er under revisjon, og vil kunne stimulere til genmodifiserte mikroorganismar, planter, dyr og fisk som er tilpassa norsk landbruk og ikkje minst havbruk. Fleirtalet meiner dette hastar, elles "går toget".

Mindretalet i utvalet vil framleis regulere all genmodifisering. Reguleringa skal tilpassast ulike teknologiske metodar, og alt skal merkast og kunne sporast.

Høyringsinnspela til NOU 2023:18 gir som forventa støtte til både fleirtalet og til mindretalet.  Telemark Bonde- og Småbrukarlag merkar seg likevel at tunge fagmiljø har ulikt syn på risiko og kor trygge dei teknologiske nyvinningane faktisk er. Dei ulike faglege innspela tilseier at føre var prinsippet bør vege tungt i ei ny GMO-regulering.

I ei uroleg tid med økonomiske utfordringar er avregulering blitt eit mantra. Trump fjernar kontrollorgan og avregulerer KI. EU arbeider med forenklingar, og tilsvarande haldningar vinn òg fram i Noreg.  Oljefondsjef Nicolai Tangen har i media uttrykt at på kort sikt vil mindre regulering få fart på økonomien, men på lengre sikt kan resultatet vere negativt. Telemark Bonde- og Småbrukarlag fryktar at press frå sterke nærings- og forskarinteresser vil påverke til betydeleg GMO-avregulering.  Vi vonar likevel at åtvaringar frå fleire tunge fagmiljø og frå dei mange store som små lag og organisasjonar kan bidra til at intensjonen med ei ny GMO-lov ikkje blir kortsiktig vinning, men på alvor å trygge liv, miljø og ei berekraftig framtid!