Å gjera landet betre i stand til å produsere maten me treng, jamvel om det globale forsyningssystemet ikkje fungerer, har ikkje vore viktigare på åtti år. Med blikk til ein internasjonal situasjon prega av krigar og konfliktar, bur den norske staten seg no på krig. Stortinget har vedteke å auke løyvingane til forsvaret med 19,2 milliardar kroner, slik at budsjettet for 2025 er på 110 milliardar.
I tillegg set ein autoritær og aggressiv president i USA den internasjonale handelen i spel. Det aukar faren for at viktige varer ikkje blir tilgjengelege også i fredstid. Telemark Bonde- og Småbrukarlag meiner det er meiningslaust og uansvarleg å møte ei så uviss framtid utan å syte for ein langsiktig og påliteleg matvareberedskap på same nivå som den militære beredskapen.
Målet til regjeringa om 50 % sjølvforsyning føreset ei satsing på korn, grønsaker og grovfôrproduksjon i inn- og utmark, i samsvar med dei signala den nye statsråden alt har gjeve. Det inneber at to hovudtrendar i matproduksjonen må snu:
- Kjøtproduksjonen i Noreg har auka mykje, men så å seia heile auken har skjedd i dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Også mjølkeproduksjonen er avhengig av ein stor del kraftfôr. Framover må vesentleg meir av husdyrproduksjonen tuftast på gras enn på menneskemat og importerte fôrmiddel.
- Talet på gardsbruk i drift held fram med å gå ned, og den største nedgangen er i grasdistrikta. Så lenge denne avviklinga held fram, tapar Noreg sjølvforsyningsevne. Jordbruksoppgjeret må leggje det økonomiske grunnlaget for fleire gardar i drift, ikkje færre.
Telemark Bonde- og Småbrukarlag har tillit til at landbruks- og matministeren vil nytte høvet til å starte ei slik kursendring alt i jordbrukstingingane i vår – til det beste for folk flest. Landbrukspolitikken er ikkje til for bøndene, men for alle som treng mat på bordet kvar dag. Det kan ingen lova dei, dersom bøndene blir borte.
Sveinung Kjellemo
Leiar, Telemark Bonde- og Småbrukarlag