Sidan Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag i 2013 skipa til den fyrste støylsdagen på Lega i Øyfjell, har denne populære samlinga vore halde kvart år rundt om i kommunane, berre stoppa av pandemien i 2020. Opplegget er enkelt og liketil: Folk får høve til å koma til gamle, fine plassar i heiane og møte kjende og ukjende, ungane kan tumle trygt i kring og sjå på dyra, det er støylsmat og kaffi å få kaupt, lotteri og gode kulturelle innslag. Og så er det jamt noko aktuell politikk.
– I år kjem ein bondeopprørar, fortel Gunnar. Tor Jacob Solberg var ein av dei fem bøndene som i fjor stod fram i media med skarp kritikk mot landbrukspolitikken, og var sterkt med på å påverke valkampen og resultatet av stortingsvalet. Etter at Kjersti Hoff varsla at ho gjeng av som leiar i NBS, har Solberg stått fram som leiarkandidat. – Han er til no den einaste kandidaten, og me må bli betre kjende med han, meiner Gunnar. Tidlegare nestleiar i NBS, Katrine Kinn, skal hjelpe til med det, og lovar både nysgjerrige og kritiske spørsmål.
Nystaul høyrer til ein av Øvrebø-gardane, grannegarden til den storkvedaren Bjarne Øverbø kom frå. Kva høver betre då enn at kulturinnslaget i år er kveding i beste Bjarne-tradisjon, framført av brordotter hans, Randi, og mannen hennar, Kjell Hove?
– Landbruket er ei lokal samansmelting av natur og kultur, avsluttar Gunnar Haugo, som sjølv likar å kveda. – Men det landbruket som i alle år har vore tufta på bruken av utmarka er sterkt truga i dag, endå me ser kor viktig det kan bli i framtida. Derfor vil me slå ring om alle støylane våre, og håpar at folk er med på det og stiller opp på støylsdagen!