IMG 9218

Ta Riksrevisjonen på alvor

Når sjølvaste Riksrevisjonen tek seg tid til å vurdere om jordbrukspolitikken i landet vårt leverer på samfunnsoppdraget er det all grunn til å lytte.

Rapporten (matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet  dok 3:4 - 2023- 2024) er nådelaus i si oppsummering:

  • om lag 60 % av maten me et i Noreg er importert eller produsert med importert fôr
  • arealressursane i jordbruket blir ikkje forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, blant anna ved at betydelege jordbruksareal er ute av drift eller blir omdisponert og bygd ned
  • beredskapsplanlegginga på matsikkerhetsområdet er mangelfull
  • mykje av maten er importert, men forvaltinga kjenner ikkje potensialet for å omstille anten produksjonen eller forbruket vårt i ein krisesituasjon
  • Noreg kan bli meir sjølvforsynt, men verkemidla er ikkje tilstrekkelege for å oppnå dette

 

Riksrevisjonen leverer rett og slett ein kriserapport om landbruket i landet vårt.

Eit samla Storting slutta seg til rapporten sine tilrådingar 30.januar i år.

I rekka av tilrådingar nemner dei først at det trengs nye verkemiddel for å auke sjølvforsyninga.

Skal dette bli meir enn fagre ord må landbrukspolitikken innrettast slik at det blir meir lønsamt å dyrke gras, korn og grønsaker og utnytte beiteressursane i Noreg. Det trengst eit krafttak i jordbruksoppgjeret lil våren som monar! Noko anna er uansvarleg. Årsmøtet i Telemark Bonde-og Småbrukarlag oppmodar regjeringa og eit samla landbruk om å arbeide i lag for radikal kursendring.