IMG 0959

Telemark godt representera på NBS sitt landsmøte

Over 150 utsendingar frå lokallaga, samt fylkesleiarar, sentralstyre, sekretærar , observatørar og gjester var helga 15. – 17. november samla på Clarion hotell Gardermoen.

Det 95. ordinære landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjekk på skjener gjennom helga. Eit gjennomgåande tema og mål for dei som var i salen er ærleghet; at me presenterar faktabasera ærlege tal og kunnskap. Og at me krev ærleghet attende frå styresmaktene.

Det blir stort fokus på å få dei rette og ærlege tala no, då talmaterialet skal tilbake til Stortinget innan februar. Me vil ha økonomisk og sosial jamstilling med gjennomsnitts lønsmottakar (lærar/sjukepleiar)

  •  1700 timar pr årsverk
  •  Inga normering (regjeringa har lagt på 20% luftpengar på papiret) før samanligning av   inntekt
  •  Ei fornuftig avkasting på all kapital

 

Tala må og vera ærlege og opne når det kjem til rovdyrpolitikk og forvalting. Regina Brajkovic frå Nedre Telemark Bonde- og Småbrukarlag, og leiar av Rovviltutvalet, var på talarstolen og mana til å snakke meir om rovdyr og problema beitenæringa står ovanfor i fleire delar av landet.

Regina på talarstolen for å snakke om rovdyrproblematikken.
Foto: Tor Mølster Byggland

Frå Telemark var me ein fin gjeng gjennom landsmøtet:

Sondre Aasan, Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Per Helge Seltveit, Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Irene Aarbakk, Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Gunnar Haugo, Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Edvard Eikemo, Notodden og Hjartdal Bonde- og Småbrukarlag

Regina Brajkovic, Nedre Telemark Bonde og Småbrukarlag

Siv Anette Klovholt Moland, Nedre Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Elin Ringhus, ungdomsutsending frå Telemark og medlem i Ungdomsuvalet til NBS

Tor Mølster Byggland, Fylkessekretær Telemark

Svein Kostveit, gjest og tidlegare leiar i NBS

 Telemarkingane samla

Gunnar Haugo, Sondre Aasan, Per Helge Seltveit, Regina Brajkovic, Svein Kostveit, Siv Anette Klovholt Moland, Elin Ringhus, Irene Aarbakk, Edvard Eikemo og Tor Mølster Byggland.
Foto: Rakel Nystabakk

Tor Jacob Solberg blei einstemmig attvald som leiar i NBS. 

"Me treng fleire spadar, og litt dynamitt", sa Tor Jacob etter valet.
Foto: Tor Mølster Byggland

Med seg fekk han Marianne Lunåsmo som ny politisk nestleiar, Ola Lie som nytt styremedlem. Margrethe Figved blei attvald som organisatorisk nestleiar. Resten av styret (Rakel Nystabakk, Ståle Støen og Ellen Syse) var ikkje på val.

Eit særs kompetent styre fulle av motivasjon til å kjempe for fleire bønder, auka beredskap og matsikkerhet. Ærlege tal!

Ærlege tal!
Foto: Nora May Engeseth