Tor Jacob Etter Avstemming

Landsmøtet 2022

Me treng fleire medlemmer for å gje ny leiar og nytt styre tyngde og slagkraft for å få til ei reell endring i jordbrukspolitikken og sikre jamstelling av bondens inntekt med andre grupper! Landsmøtet har vald eit sterkt lag, bli med du også!

Bli medlem!

 

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) sitt 93. landsmøte gjekk av stabelen siste helga i oktober på Hamar. 160 utsendingar stilte frå lokallaga, pluss omlag 100 gjester og observatørar. 60 av 160 utsendingar var under 35 år! Mat- og landbruksminister Sandra Borch deltok på laurdagen. Telemark stilte med 6 utsendingar frå lokallaga og ein undomsutsending. 

 Tor Jacob Solberg, tidlegare aktiv i #bondeopprør21, vart samrøystes valt til ny leiar. – Eg er trygg på at Solberg kjem til å gjere ein god jobb som leiar, seier Haugo i ein kommentar. – Bonde- og Småbrukarlaget med Solberg i spissen, kjem til å seia tydeleg ifrå om kva for rammevilkår bøndene treng for å sikre matforsyninga i usikre tider, avsluttar Haugo

 Frå NBS-administrasjonen i Oslo meldast det om mange nye innmeldingar etter landsmøtet og stor optimisme i organisasjonen.

 Etter fire år som leiar vart Kjersti Hoff takka av for den gode jobben ho har gjort gjennom ei uroleg tid med både pandemi og krig i Europa. Som takk for innsatsen og godt samarbeid gav lokallaget i Vest-Telemark ein kniv til Kjersti Hoff, laga av den lokale knivmakaren Aslak H Versto.