Telemark Bonde- og Småbrukarlag

 Kontakt oss    facebook   Om oss    Lokallag   Styret  Årsmelding   Hjem

Landbruksmeldinga

Uttale fra Telemark Bonde og Småbrukarlag

Landbruksmeldinga: eit skifte i feil retning

Uttale frå Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Meldinga Endring og utvikling. En fremtidsrettet jordbruksproduksjon (Meld.St. 11, 2016-2017) følgjer opp regjeringsfråsegna til Høgre og Frp (Sundvollenerklæringa) på punkt etter punkt: regjeringa ønskjer å svekkje importvernet, svekkje distriktsmålet i jordbrukspolitikken, vri budsjettstøtta frå arealstøtte over til produksjonsavhengig støtte, redusere støttenivået generelt og knyte inntektene sterkare til marknaden. Ikkje minst vil regjeringa stimulere til ei vesentleg raskare sanering av bruk ved m.a. å svekkje strukturprofilen i jordbruksavtala.  

«Regjeringen arbeider for å styrke konkurransekraften og effektiviteten på alle ledd, slik at verdikjeden blir mindre politisk styrt og mer markedsrettet».

Etter meldinga skal landbrukspolitikken ha som overordna mål å stimulere til auka volumproduksjon, auka effektivitet og styrkt konkurransekraft. Offentleg målstyring skal i stor grad erstattast av marknadsmekanismar:

«De landbrukspolitiske virkemidlene skal innrettes slik at de innenfor økonomiske, miljømessige og handelspolitiske rammer bidrar til økt produksjon der det er muligheter og marked for det». (s. 9)

Produksjonsvolumet er overordna produksjonsmåten:

«Stortinget har de siste årene prioritert økt matproduksjon. Økt matproduksjon oppnås mest effektivt ved å ta bort begrensninger og la produsentene få muligheter til å produsere det de har potensial for. Om matproduksjonen skal øke, fordrer det i stor grad at etablerte produsenter øker sin produksjon.» (s. 45)

Ein følgje av at nokre produsentar blir stimulerte til å auke sin produksjon, er at andre produsentar må trappe ned eller avvikle. Dette er ein samanheng regjeringa er merksam på:

«Produktivitetsutvikling, og vesentlig større bedrifter, maskiner og besetninger er effektivt i vareproduksjonen. Samtidig ligger jordbruksarealene spredt og ofte i små, tungdrevne teiger. Redusert sysselsetting og avvikling av produksjonen på en del tungdrevet areal kan enkelte steder bidra til å redusere produksjonen av kollektive goder, som levende bygder og et åpent kulturlandskap.» (s. 45)

Med eit gjennomført liberalistisk perspektiv til grunn stiller meldinga spørsmål om kostnaden ved landbrukspolitikken overgår verdien av dei fellesgodane som landbruket produserer, som mattryggleik, kulturlandskap, naturmangfald, vassmiljø, busetnad og karbonfangst i jord, og konkluderer med at Stortinget fastset gjennom dei årlege budsjettvedtaka sine indirekte den prisen samfunnet er viljug til å betale for desse verdiane.

Gjev slepp på samfunnsoppdraget

Dette er eit kjernepunkt. Konsekvensane av å setje endå større fart på effektiviseringa, produktivitetsauken og strukturendringane, vil vera ei sterkt fallande evne til å levere dei nemnde verdiane og dermed innfri viktige delar av samfunnsoppdraget. Med andre ord: til meir jordbruket blir ein rein produsent av planter og kjøtråvarer på dei beste og lettast tilgjengelege areala, til mindre grunn blir det å halde oppe det eksisterande støttenivået. For parti som har til mål å redusere overføringsnivået vesentleg, er dette ein ønskt verknad.

Ein matproduksjon som i fyrste rekkje blir rigga for å vera konkurransedyktig i høve til jordbruket i andre land, vil heller ikkje kunne krevje vern mot konkurrerande import. Legitimiteten til importvernet vårt er fullt og heilt knytt til det som ein gong blei kalla «det multifunksjonelle landbruket», i eit land med særleg vanskelege naturgjevne vilkår for industriell jordbruksproduksjon. Likevel er også dette ein ønskt verknad for dei partia som framleis ikkje har fleirtal i Stortinget for å trappe ned og helst fjerne det norske importvernet.

Norsk landbrukspolitikk har i mange tiår vore kritisert for å ha mål og verkemidlar som til dels dreg i motsett retning: auka produktivitet og effektivitet på den eine sida, busetnad, kulturlandskap, miljø og mattryggleik på den andre. Denne meldinga prioriterer klart produktivitet, effektivitet og volum. Føremålet er å redusere kostnadene ved landbrukspolitikken og prisane på mat. Det skal bli vesentleg færre bønder, men dei som er att skal vera konkurransedyktige også i høve til importvarer frå andre land.

Ingen blir «robuste»

Alt i dag ser ein at den landbrukspolitikken som blir ført, svekkjer distriktsjordbruket og dei mindre bruka raskare enn før, ved at meir av budsjettstøtta blir ført over til større og meir sentrale produsentar. Paradoksalt nok er det truleg at denne politikken som på kort sikt støttar «dei som kan og vil satse», kjem til å råke dei same produsentane hardast på lenger sikt. Jamvel i dei beste jordbruksområda er det økonomiske resultatet på store, effektive gardsbruk i dag blitt avhengig av  tilskota over jordbruksavtala og av det prisnivået som importvernet gjer mogleg. Ein kvar framtidig reduksjon i støttenivået og prisane vil slå særleg sterkt ut for dei bruka som var tenkt å vera mest «robuste» og konkurransedyktige.

Internasjonale røynsler syner at det er teknisk og økonomisk mogleg å produsere stadig større volum med stadig mindre arbeids- og arealinnsats, men det finst ingen døme på at ei industriell organisering av matproduksjonen har vore vellykka økologisk eller politisk. Økonomisk er det aktørar utanfor primærproduksjonen (t.d. kredittinstitusjonar, leverandørar av fôr og driftsmidlar, matvarekjeder) som tener på denne utviklinga. Bøndene, bygdene og samfunnet tapar.

Desse perspektiva er snautt nok nemnde i meldinga, og langt mindre utgreidde. Telemark Bonde- og Småbrukarlag meiner at dette er ein vesentleg mangel som i seg sjølv gjer meldinga ueigna som grunnlag for landbrukspolitikken.

Men meldinga har fleire graverande manglar. Regjeringa tek ikkje inn over seg at framtida stiller heilt andre krav og utfordringar til landbruket enn å produsere mest mogleg mat så billig som råd.

Kva er «ein framtidsretta jordbruksproduksjon»?

Ei melding som skal leggje grunnlaget for landbrukspolitikken i mange år framover, bør i utgangspunktet stille nokre grunnleggjande spørsmål:

  1. Kva slags framtid må norsk matforsyning vera førebudd på?
  2. Korleis vil overgangen frå fossil til fornybar energi påverke produksjonen og distribusjonen av mat og fôrressursar, lokalt, nasjonalt og globalt?
  3. Korleis vil klimaendringane kunne påverke dette biletet?

Viktige faktorar

  1. Ustabil verdsmarknad for mat (særleg kveite, mais, soya, ris m.m.) som følgje av klimaendringar og aukande sosial og politisk uro. Veksande folketal globalt aukar behovet for mat (FAO: +60 % innan 2050), samstundes som produksjonsressursane blir forringa. Meldinga oppgjev at etterspurnaden etter vatn vil auke med 55 % fram til 2050, medan heile 52 % av matjorda globalt er karakterisert som moderat til alvorleg utarma (s. 16), men ein drøftar ikkje korleis dette påverkar Noregs strategi for matvaretryggleik.

Ein opplagt konsekvens er at vår eiga matforsyning i langt større grad enn i dag må tuftast på bruken av eigne ressursar. Dette vil seia at

  • arealressursane (dyrka areal og beite av god kvalitet) må vernast betre enn i dag. Meldinga går inn for å løyse opp vernet
  • bruksstrukturen som gjer det mogleg å nytte spreidde arealressursar over heile landet må styrkast og byggjast ut, i motsetnad til den bruksavviklinga som meldinga varslar
  • importert kraftfôr må bli vesentleg dyrare, for å styrkje bruken av grovfôr. Meldinga argumenterer for å halde kraftfôrprisen låg

 

  1. Overgangen frå fossil til fornybar heng dels saman med trongen for å føre dei globale utsleppa av CO2 ned til eit vesentleg lågare nivå enn i dag, og dels med at dei fossile energiressursane kjem til å ta slutt. I båe tilfelle treng Noreg ein landbrukspolitikk som gjer matforsyninga mindre avhengig av dekk og diesel, ikkje meir. Landbrukspolitikken må førebu oss på endringar som samfunnet ikkje kjem utanom, i staden for å halde fram med auka fart i same retninga.

 

  1. Klimaendringane inneber ikkje berre ein auke i gjennomsnittstemperaturane som isolert sett kan opne for lenger vekstsesong og dyrking av meir varmekjære planteslag. Viktigare er etter alt å døme prognosane om meir og kraftigare ekstremvêr, med verknader som vanskeleg innhausting, flaumar, erosjon, øydelagt infrastruktur. Til meir konsentrert matproduksjonen er, til meir sårbar er han. Eit robust landbruk er karakterisert av eit mangfald i geografi, produksjonar, driftsmåtar og storleik på brukseiningane, med størst mogleg evne til å tilpasse seg til endra produksjonsvilkår.

 

Telemark Bonde- og Småbrukarlag meiner at trass i ei systematisk nedbygging av bruksstrukturen gjennom mange år, er det framleis eit godt grunnlag for ein framtidig berekraftig matproduksjon i Noreg, tufta på våre eigne ressursar. Me støttar tittelen til landbruksmeldinga: Endring og utvikling. En fremtidsrettet jordbruksproduksjon. Men lenger går ikkje tilslutninga: regjeringa legg ikkje opp til ei utvikling, men ei avvikling av landbrukets evne til å sikre matforsyningane til innbyggjarane under skiftande vilkår.  

Telemark Bonde- og Småbrukarlag meiner at meldinga må diskuterast på grunnlag av dei grunnleggjande premissane ho byggjer på, i staden for å drøfte justeringar av verkemidla som meldinga tek til orde for. Konklusjonen vår er at Meld.St. 11 (2016-2017) ikkje kan leggjast til grunn for Stortingets landbrukspolitikk.

/share/mime/48/default.png
(, 0B)


Telemarksdelegasjon på landsmøte i NBS

Mange gode krefter på landsmøtet! Vi gleder oss over et stort og inspirerende møte. Vi savner Merete, men vi har stor tro på at hun kommer sterkt tilbake!

Med jordkvalitet i fokus

Invitasjon til fagdag for elever i Vg2 Landbruk og gartneri, Vg2 Anleggsgartner, lærere og elever, bønder og småbrukere, anleggs-gartnere og andre interesserte. Tema for dagen vil være jordkvalitet. Fagdagen avholdes mandag 14/11 - 2016 kl. 09.00 – 15.00 på Søve.

Med jordkvalitet i fokus - les hele saken


Fylkesleder Kari Tellefsen med leserinnlegg.

Småbrukarlaget er skuffa over Bondelaget

Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928